Grünerløkka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Grünerløkka er ein bydel i Oslo med grenser fastsett i 2004 ved ei reform av den tidlegare inndelinga av byen i bydelar. Bydelen ligg i indre by aust, er på 4,7 kvadratkilometer, avgrensa i vest av Uelands gate på vestsida av Akerselva, i aust av den sterkt trafikkerte ringvegen Ring 3, i sør av Tøyenhagen og i nord av Torshovdalen/Sinsenkrysset, og hadde 36 779 innbuarar i 2004.

Kart over Grünerløkka, 1917
Thorvald Meyers gate på Grünerløkka 17. september 2005.
Foto: Tore Sætre

Grünerløkka er dessutan eit strok i Oslo langs Akerselva innanfor Grünerløkka bydel, namngjeve etter myntmeister Friedrich Grüner (1628 – 1674), som kjøpte området av kongen, Christian V, i 1672. Området vart innlemma i Oslo (Christiania) i 1859, og då vart det pålagt at husa skulle byggjast i mur (såkalla «murtvang») for å redusere brannfara. Men rett før denne byutvidinga var det reist ein forstad av billige trehus i det som på folkemunne fekk nemninga «Ny York», anten av di det hadde vore ein amerikanskliknande fart over utbygginga, eller av di gatenettet på Grünerløkka er rettvinkla og etter lokal meining har gater like breie «som på Manhattan». Det er no ikkje mange husa att av dei om lag 70 husa i «Ny York», men nokre døme på slike hus finst framleis i Stolmakergata 8 og Øvre gate 2B på Nedre Grünerløkka.

Grosserar Thorvald Meyer (1818 - 1909) kjøpte ein lut av Grünerløkka i 1861 for å bygge ut eit tett, bymessig strok med bustadhus i mur etter tidas moderne idear, kosta opparbeidinga av Thorvald Meyers gate, og gav vekk tomter til parkar, kyrkje og skular.

Langs Akerselva kom det ymse industriverksemder og fabrikker, mellom anna Christiania Seildugsfabrik (1856) og Foss Jernstøberi (1875), og fleire småverkstader og handverksverksemder hadde tilhald i stroket. Bryggeria Ringnes og Schous hadde òg tilhald på Grünerløkka. Markveien og Thorvald Meyers gate vart viktige forretningsgater.

I 1970- og 1980-åra vart stroket fornya, men dei gamle bygningane likevel teke vare på i stort mon. I seinare tid har moderne småverksemder av ymse slag, «gründerverksemder», funne grobotn på Grünerløkka, som elles har vorte eit moderne bustadområde med kafear, restaurantar og kulturscener som Blå, Fabrikken, Parkteatret og fleire rett om hjørnet. Dei fleste av fabrikkane er nedlagde og teke i bruk til anna verksemd, lokala til Christiana Seidugsfabrik har til dømes vorte ein part av det bygningskomplekset som disponerast av Kunsthøgskolen i Oslo, og Dansens Hus - Nasjonal scene for dans, har òg fått lokale på eit tidlegare fabrikkområde attmed Akerselva. Den høge kornsiloen til nedlagde Nedre Foss mølle har studensamskipnaden ombygd til studenthus.