Grünhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°31′54.8″N 8°04′39.8″E
Grünhorn
fjell
none  Grünhorn (i midten) frå nord
Grünhorn (i midten) frå nord
Kanton Valais
Fjellkjede Bern-Alpane
høgd 4 043 moh
skardhøgd 387 m ↓  skardet mot Gross Fiescherhorn
koordinatar 46°31′54.8″N 8°04′39.8″E
Lettast tilkomst Brevandring
Førstestiging av Edmund von Fellenberg, Peter Michel, Peter Egger, Peter Inäbnit
 - dato 7. august 1865
Switzerland location map.svg
Locator Red.svg

Grünhorn eller Gross Grünhorn (4043 moh) er eit fjell i Bern-Alpane i Sveits. Fjelltoppen ligg på egga mellom dei to største breane i Alpane, Aletschgletscher i vest og Fieschergletscher i aust. Sør for fjellet stig Gross Wannenhorn, og i nord Gross Fiescherhorn.

Klatresoge[endre | endre wikiteksten]

Austsida av Grünhorn, sett frå Finsteraarhorn-hytta

Fyrste stiginga fann stad den 7. august 1865. Fjellpioneren Edmund von Fellenberg frå Bern, saman med fjellførarane Peter Michel, Peter Egger og Peter Inäbnit steig til topps. Dei klatra fjellet frå vestsida, turen tok til på Ewigschneefeld, ein brearm til Aletschgletscher. Dei nådde toppen, trass i vanskelege vertilhøve. Dei same klatrarane hadde mislukkast å nå toppen av Grünhorn året før. Den gongen nådde dei einast til eit noko lågare punkt, kalla Grünegghorn.

Ei rute opp nordaustegga vart klatra fyrste gongen den 26. august 1913, av D. von Bethmann-Hollweg og O. Supersaxo. Sommaren 1950 klatra G. Van der Leck vestveggen. Vestpillaren vart klatra av C. Blum og U. Frei den 27. august 1967.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]