Graben
Graben (frå tysk: «grav»), forkastingsgrøft, søkkegrop eller gravsenking er innan geologi eit område av jordskorpa som har søkkt inn langs éi eller fleire forkastingar. Ein kan sjå ein graben i overflata som ei rift eller ei kløftforma forsenking og oppstår når eit kontinent sprekk opp, som til dømes i Riftdalen i Aust-Afrika, Rhinrifta, Bajkalrifta, Jordandalen med Daudehavet.
Eldre grabenar kan vere fylte med sedimentære avleiringar, som til dømes Vikingraben eller Sentralgraben i Nordsjøen.
Oslo-området ligg i ein graben frå permtida. Geologane kallar dette området Oslofeltet eller Oslograben. Oslofjorden mellom Slemmestad og Nesodden er òg ein graben. På Spitsbergen er den 120 km lange Wijdefjorden greve ut langs en graben eller gravforkasting.
[endre] Kjelder
- Store norske leksikon, snl.no, «Graben»