Grace Jones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grace Jones

Fødd19. mai 1948 (75 år)
FødestadSpanish TownJamaica
FødenamnGrace Beverly Jones
AliasGrace Mendoza
OpphavJamaica
Aktiv1975–
Sjangerpop, new wave, disco, rhythm and blues, soul, moderne R&B
Instrumenttrekkspel, vokal
Stemmetypealt
PlateselskapIsland Records, Capitol Records, Epic Records
Verka somskodespelar, modell, songar, filmskodespelar, låtskrivar, plateartist
BornPaulo Goude
PrisarJamaicaordenen

Grace Mendoza (fødd 19. mai 1948), mest kjend som Grace Jones, er ein jamaikansk songar, låtskrivar, skodespelar og modell.

Grace Jones blei fødd i Spanish TownJamaica. Ho blei først kjend som fotomodell i Paris. I slutten av 1970-åra hadde ho nokre filmroller, og satsa så på ein musikalsk karriere innan disco. Jones vakte oppsikt med sceneshowa sine, som var prega av teatralske effektar og sterke verkemiddel. Framføringane hennar hadde også ei særeigen blanding av song og resitasjon. Jones blei eit symbol på den kalde og stiliserte moteverda på 1980-talet.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Portfolio (Island) 1977
  • Fame (Island) 1978
  • Muse (Island) 1979
  • Warm Leatherette (Island) 1980
  • Nightclubbing (Island) 1981
  • Living My Life (Island) 1982
  • Island Life (Island) 1985 - collected singles
  • Slave to the Rhythm (Manhattan/Island) 1985
  • Inside Story (Manhattan) 1986
  • Bulletproof Heart (Capitol) 1989
  • Private Life: The Compass Point Sessions (Island) 1998
  • Universal Masters Collection (Universal) 2003
  • Hurricane (Wall of Sound) 2008

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1973 - Gordons War
  • 1976 - Attention les yeux!
  • 1976 - Quelli della calibro 38
  • 1981 - Deadly Vengeance
  • 1984 - Conan the Destroyer
  • 1985 - A View To A Kill
  • 1986 - Vamp
  • 1987 - Straight to hell
  • 1987 - Siesta
  • 1992 - Boomerang
  • 1995 - Cyber Bandits
  • 1998 - McCinsey's Island
  • 1999 - Palmers Pick Up
  • 2006 - No Place Like Home
  • 2008 - Falco, Verdammt, wir leben noch!

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bergan, Jon Vidar (23. mars 2016), «Grace Jones», Store norske leksikon. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]