Graceland av Paul Simon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Graceland
Studioalbum av Paul Simon
Graceland cover - Paul Simon.jpg
Utgjeve 12. august 1986
Innspelt Oktober 1985-juni 1986
Sjanger Worldbeat, pop
Lengd 43:18
Selskap Warner Bros.
Produsent Paul Simon
Kritikk
Paul Simon-kronologi
Hearts and Bones
(1983)
Graceland Negotiations and Love Songs
(1988)

Graceland er det sjuande studioalbum til Paul Simon og det kom ut i august 1986. Albumet vart ein hitt og gjekk heilt til topps i Storbritannia og til tredjeplass i USA. I Noreg var 13. plass den høgaste plasseringa. Albumet vart kåra til «Årets album» under Grammy-utdelinga i USA for 1986, medan tittelsongen vann prisen for «Årets singel». I 2006 vart albumet lagt til United States National Recording Registry, i lag med 24 andre viktige album.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom på ei tid då karrieren til Simon såg ut til å vere langt nede etter det skuffande Hearts and Bones eit par år tidlegare. Simon skal ha funne inspirasjon til å lage Graceland då han høyrte på ein kassett av Boyoyo Boys sin instrumental «Gumboots». Simon skreiv seinare tekst til denne instrumentalen og lagde ei innspeling der han song oppå melodien. Dette vart det fjerde sporet på albumet.

Graceland består av mange musikalske retningar, som pop, a cappella, isicathamiya, rock og mbaqanga. Mykje av albumet vart spelt inn i Sør-Afrika og fleire sørafrikanske musikarar og band speler på det. Simon vart skulda for å ha brote den kulturelle boikotten resten av verda gjorde mot apartheidregimet i Sør-Afrika, som var inne i dei siste åra på denne tida. Dette synet vart ikkje støtta av SN sin anti-apartheid-komite, som meinte albumet synte talenta til svarte sørafrikanske musikarar utan å støtte dei sørafrikanske styresmaktene. Albumet vart ein suksess verda over og dette introduserte somme av musikarane, som vokalgruppa Ladysmith Black Mambazo til eit globalt publikum på eiga hand. På albumet spelar òg den legendariske ghanesiske trommeslagaren Okyerema Asante. Simon inkluderte amerikansk roots-musikk med zydeco- og Tex-Mex-musikarar. Everly Brothers song harmonivokal på tittelsporet. Linda Ronstadt syng på «Under African Skies».

Gruppa Los Loboar spelar på siste songen «All Around the World or The Myth of Fingerprints». I følgje bandet stal Simon songen frå dei.[1] Simon meinte på si side at dette var feil og at dei først kom fram med dette då albumet hadde vorte ein hit, mange månader etter dei hadde spelt inn songen.[2]

Med Graceland fekk Paul Simon den høgaste listeplasseringa si i USA på over ti år med ein tredjeplass. Albumet fekk 5x platina-status og selde etter kvart 14 millionar eksemplar, noko som gjer det til hans mestseljande album. Kritikarane var varme og likte stilblandinga. Albumet førte òg til at resten av verda vart meir merksam på sørafrikansk musikk.

I videoen Classic Albums seier Simon at han meiner «Graceland» er den beste songen han har skriven. Det vart laga ein populær musikkvideo til hiten «You Can Call Me Al» i lag med Chevy Chase. Simon la ut på ein omfattande turne etter albumet og hadde med seg fleire av artistane frå albumet, i tillegg til Hugh Masekela og Miriam Makeba. To konsertar i Harare i Zimbabwe vart filma i 1987 og gjeven ut som The African Concert.

På grunn av albumet vann Paul Simon prisen som beste internasjonale soloartist under The Brit Awards i 1987.[3]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart kåra til årets album i Village Voice. I 1998 kåra lesarane av Q magazine det til det 56. beste albumet gjennom tidene. I 2006 kåra lesarane av same magasin albumet til det 39. beste albumet frå 1980-åra.[4]. Det vart òg rangert på 84. plass i 2009 i ei undersøking hos Channel 4 av dei 100 beste albuma gjennom tidene. I 1989 kåra Rolling Stone det til det femte beste albumet i 1980-åra, og same magasinet plasserte albumet på 81. plass på lista si over dei 500 største albuma gjennom tidene. I 2002 kåra Pitchfork Media albumet til det 85. beste frå 1980-åra.[5]. I 2006 hadde Time albumet med bland dei 100 største albuma gjennom tidene.

Songen «Graceland» ligg på 485. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. I følgje AcclaimedMusic.net, ein nettstad som samlar hundrevis av slike lister frå kritikarar og musikarar frå heile verda, er Graceland rangert på 73. plass på lista over tidenes beste album. På same stad er det rangert som det 14. beste frå 1980-åra og det neste beste frå 1986, bak The Smiths sitt The Queen Is Dead.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Paul Simon, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «The Boy in the Bubble» (Forere Motloheloa/Paul Simon) 3:59
2. «Graceland»   4:48
3. «I Know What I Know» (General MD Shirinda/Simon) 3:13
4. «Gumboots» (Lulu Masilela/Jonhjon Mkhalali/Simon) 2:44
5. «Diamonds on the Soles of Her Shoes» (Joseph Shabalala/Simon) 5:45
6. «You Can Call Me Al»   4:39
7. «Under African Skies»   3:37
8. «Homeless» (Shabalala/Simon) 3:48
9. «Crazy Love, Vol. II»   4:18
10. «That Was Your Mother»   2:52
11. «All Around the World or the Myth of Fingerprints»   3:15

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Paul Simon - akustisk gitar (spor 1 og 11), gitar (spor 5 og 7), synclavier (spor 3 og 4), seksstrengs elektrisk bass (spor 6), korvokal (spor 1, 2, 4, 6 og 9)
  • Rob Mounsey - hornarrangement (spor 6)
  • Ray Phiri - gitar (spor 2, 5, 6, 7 og 9)
  • Adrian Belew - gitarsynthesizer (spor 1, 6 og 9), gitar (spor 7)
  • Demola Adepoju - pedalsteelgitar (spor 2)
  • Daniel Xilakazi - solo- og rytmegitar (spor 4)
  • Sherman Robertson - gitar (spor 10)
  • Cesar Rosas - gitar og korvokal (spor 11)
  • David Hidalgo - gitar, trekkspel og korvokal (spor 11)
  • Conrad Lozano - bass (spor 11)
  • Alonzo Johnson - bass (spor 10)
  • Lloyd Lelose - bass (spor 9)
  • Bakithi Kumalo - bass (spor 1, 2, 5, 6 og 7)
  • Isaac Mtshali - trommer (spor 5, 6, 7 og 9)
  • Vusi Khumalo - trommer (spor 1 og 2)
  • Petrus Manile - trommer (spor 4)
  • Altn Rubin, Jr. - trommer (spor 10)
  • Louie Pérez - Trommer (spor 11)
  • Steve Gadd - trommer (spor 11)
  • Makhaya Mahlangu - perkusjon (spor 1 og 2)
  • Ralph MacDonald - perkusjon (spor 4, 6, 7 og 11)
  • Youssou N'Dour - perkusjon (spor 5)
  • Babacar Faye - perkusjon (spor 5)
  • Assane Thiam - perkusjon (spor 5)
  • Lulu Masilela - tamburin (spor 4)
  • David Rubin - vaskebrett (spor 10)
  • Altn Rubin, Sr. - trekkspel (spor 10)
  • Jonhjon Mkhalali - trekkspel (spor 4)
  • Forere Motloheloa - trekkspel (spor 1)
  • Rob Mounsey - synthesizer (spor 1 og 6)
  • Barney Rachabane - saksofon (spor 4)
  • Mike Makhalemele - saksofon (spor 4)
  • Teaspoon Ndela - saksofon (spor 4)
  • Lenny Pickett - tenorsaksofon (spor 5)
  • Earl Gardner - trompet (spor 5)
  • Alex Foster - altsaksofon (spor 5)
  • Ronnie Cuber - bass- og barytonsaksofon (spor 6)
  • Jon Faddis - trompet (spor 6)
  • Randy Brecker - trompet (spor 6)
  • Lew Soloff - trompet (spor 6)
  • Alan Rubin - trompet (spor 6)
  • Dave Bargeron - trombone (spor 6)
  • Kim Allan Cissel - trombone (spor 6)
  • Morris Goldberg - fløyte (spor 6), sopransaksofon (spor 9)
  • Johnny Hoyt - saksofon (spor 10)
  • Steve Berlin - saksofon (spor 11)
  • The Everly Brothers - harmonivokal (spor 2)
  • The Gaza Sisters - vokal (spor 3)
  • Diane Garisto - korvokal (spor 4)
  • Michelle Cobbs - korvokal (spor 4)
  • Ladysmith Black Mambazo - vokal (spor 5 og 8)
  • Joseph Shabalala - vokal (spor 8)
  • Linda Ronstadt - korvokal (spor 7)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]