Graciosa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Graciosa
Graciosa sett frå lufta
Graciosa sett frå lufta
Geografi
Graciosa-pos.png
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 39°01′N 27°58′WKoordinatar: 39°01′N 27°58′W
Øygruppe Asorane
Areal 60,84 km²
Lengd 10 km
Breidd 7 km
Høgaste punkt Caldeira (402 moh.)
Administrasjon
Land Portugal
Autonom region Asorane
Største busetnad Santa Cruz da Graciosa (4777 innb.)
Demografi
Folketal 4777
Folketettleik 79 /km²

Graciosa er den nordlegaste av dei sentrale øyane i Asorane i Portugal. Øya har eit areal på 60,84 km² og ei oval form. Ho har in an oval form. Heile øya er ein stratovulkan som stig opp frå havbotn av Atlanterhavet. Den søraustlege enden er dominert av ein 1,6 km brei kaldera, kalla Caldeira.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Landskapet på Graciosa (som tyder fortryllande) er ei blanding av grøne enger med kvite landsbyar og isolerte hus. Ho har frodige jorde der det vert dyrka forskjellige frukter, vin, og beitemarker for kyr. Frå mjølkekyrene lagar innbyggjarane ein prisvinnande ost og andre mjølkeprodukt.

Formerones er ein klippeformasjon nær Vila de Santa Cruz med ei form som kan minne om ein kval.

Graciosa er av vulkansk opphav og stig til 402 meter over havet i sør der kalderaen ligg.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Graciosa har berre ein kmomune, Santa Cruz da Graciosa]], med 4777 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Graciosa vart oppdaga 2. mai 1450. Dei første nybyggjarane var frå Montemor-o-Velho og namnet hans var Vasco Gil Sodré. Han kom frå Terceira og slo seg ned på Graciosa med familien sin. Graciosa har i dag ein skule, ein latinskule, eit gymnas, ei kyrkje og ein plass (praça).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]