Graeme Edge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Graeme Edge | |
Graeme Edge i 2007 |
|
| Verkeleg namn | Graeme Charles Edge |
| Fødd | 30. mars 1941 (72 år), Rocester i England |
| Instrument | trommer, perkusjon |
| Sjanger | Rock |
| Aktive år | 1964 til i dag |
| Yrke | Musikar, låtskrivar, diktar |
| Tilknytte artistar | The Moody Blues, The Graeme Edge Band |
| Plateselskap | Threshold, Cherry Red |
Graeme Charles Edge (fødd 30. mars 1941) er ein engelsk musikar, mest kjend som trommeslagar og låtskrivar i bandet The Moody Blues. Han har òg drive sitt eige band, the Graeme Edge Band.
Han var ein av dei originale medlemmane i The Moody Blues, og det einaste medlemmet som har vore med heile vegen. Edge var òg diktar for bandet og medverka med fleire dikt som vart lesne opp på albuma deira.
Edge danna i 1974 Graeme Edge Band, medan The Moody Blues hadde ein fleire år lang pause. Sidan 1991 har bandet hatt to trommeslagarar på scenen under konsertane sine, den andre er Gordon Marshall.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Graeme Edge» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: