Grafikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Grafikar)

Grafikk er ei fellesnemning på alle reproduksjonsmåtar av skrift og teikning. Grafikk kan vise både til trykketeknikken og sjølve produktet, det grafiske bladet, og allment til trykt kunst. Ordet grafikk stammar frå det greske «graphe» som tyder teikning eller skriving.

Grafikk vert også brukt om det visuelle uttrykket og biletkvaliteten i dataprogram, til dømes i dataspel. Datagrafikk er særlege, digitale biletteknikkar. I tradisjonell kunstgrafikk er det ferdige biletet eit avtrykk frå ei trykkplate. Med moderne datateknologi og skrivarar kan grafiske blad, på lik linje med alle bilete som kan visast på ein skjerm, skrivast ut og reproduserast som gode utskrifter.

Katsushika Hokusai sitt fargetresnitt av ei bølgje, frå ca. 1830, er eit av dei mest kjende motiva i grafikken si historie.

«Grafisk»[endre | endre wikiteksten]

Adjektivet grafisk kan brukast om det visuelle ved alt som er skrive eller teikna, både skriftbilete, teikning og trykk. I visuell kommunikasjon og kunst er grafiske kvalitetar den todimensjonale verknaden av linjer og flater i eit bilete, altså teikninga, i motsetning til farge og tredimensjonal form. Grafisk kan dessuten vere det som har med det grafiske faget eller den grafiske industrien å gjere. Grafisk kan også brukast i tydinga «skildrande», «målande», til dømes i uttrykk som ei grafisk skildring.

Det grafiske blad[endre | endre wikiteksten]

Det ferdige biletet vert kalla det grafiske bladet. Tradisjonelt har det vore vanleg at det finst fleire like grafiske blad, trykt i avgrensa opplag og i nummererte tal. Denne tradisjonen er i ferd med å forsvinne, då mange kunstnarar også trykker enkeltbilete eller seriar med ulike variantar frå dei same trykkplatene.

Det er reglar for korleis grafikk skal nummererast og kor mange prøvetrykk som kan trykkast o.l. Når opplaget er trykt, skal trykkplatene øydeleggast, slik at same trykket seinare ikkje kan lagast.

Grafiske teknikkar[endre | endre wikiteksten]

Tresnitt frå 1568 som viser grafikaren i arbeid. Tresnittet som grafisk teknikk la grunnlaget for mellom anna boktrykkarkunsten, skillingstrykk og flygeblad.
Koparstikket oppstår ved gravering i koparplater og gir fine og presise linjer. Koparstikket var ein svært populær reproduksjonsteknikk i fleire hundre år

Trykkmetodane vert delt i nokre hovudteknikkar, etter korleis trykkfargen (motivet) vert overført til papiret.

Tre metodar gjer bruk av ei trykkplate: høg-, djup- og plantrykk. Ei metode brukar sjablong-metoden, noko som delvis også er ei «trykkplate». Den siste kategorien er blandingsteknikkar.

  • Høgtrykk er trykk frå ei skoren plate, støypte blytypar eller klisjear av metall, gummi eller plast. Høgtrykk med blytypar vert kalla boktrykk. Trykkfargen vert valsa på, og dei høgste punkta i trykkforma er dei trykkande elementa i forma.
  • Djuptrykk er trykk frå gravert eller etsa metallplate/sylinder. Trykkfargen er ført på forma med ein rakel og ligg nede i fordjupingane (graveringa) på plata, medan dei høgste partia i forma er tørka av, altså utan farge. Dei djupaste punkta i trykkforma er dei trykkande elementa.
  • Plantrykk eller flattrykk er trykk frå ei plate der partia som vert trykt, ligg i same plan som dei ikkje-trykkande partia.
  • Stensiltrykk vert ofte rekna som eit plantrykk, men skil seg frå dette ved at det ikkje er ei trykkplate, men ein duk(silketrykk (serigrafi) eller berre ein sjablong (eit hol).
  • Datagrafikk er nemninga på bilete som er handsama i og utskrivne frå ei datamaskin.

Alle trykkmetodane omfattar fleire teknikkar, enten det er kunstgrafikk eller meir kommersielle reproduksjonsmåtar.

Høgtrykk[endre | endre wikiteksten]

Djuptrykk[endre | endre wikiteksten]

  • Koparstikk
  • Kaldnålsradering
  • Punktgravyr
  • Mezzotint
  • Etsing

Plan- eller flattrykk[endre | endre wikiteksten]

  • Litografi
  • Overføringslitografi (autografi)
  • Offset (indirekte lito) og tørroffset
  • Monotrykk

Stensiltrykk[endre | endre wikiteksten]

Blanda teknikkar[endre | endre wikiteksten]

Originalgrafikk[endre | endre wikiteksten]

Eksempel på originalgrafikk. Rolf NeschBro over Elben I. 1932 (335x595mm)

Originalgrafikk er trykk direkte frå originalplater i tradisjonelle trykkemetodar.

Kriteria for originalgrafikk er at kunstnaren sjølv må ha laga trykkplatene. Dessutan må han ha trykt grafikken sjølv, eller ha vore til stades og gitt nøyaktige instruksar til ein trykkar. Det ferdige bladet må vere signert av kunstnaren og utstyrt med trykknummer og totalt tal trykk i heile opplaget.

Alle grafiske blad skal signerast. Signaturen er eit stempel som viser at kunstverket er ekte. Kunstnarar trykker nesten alltid all grafikk sjølv. Eldre grafikk vart ofte signert direkte ned i trykkplata.

Datagrafikk[endre | endre wikiteksten]

Datagrafikk er som annan bildekunst illusjonar og effektmakeri og omfattar ei rekke teknikkar og uttrykk. «Tekanna frå Utah» er ein klassisk, dataskapt 3D-modell som første gong blei laga ved universitetet i Utah i USA i 1975.

Grafikk i tydinga datagrafikk omfattar grafikk framstilt eller vist på ei datamaskin, altså visuell presentasjon på ein skjerm eller skrive ut på papir av ein skrivar. Teknikken er ganske ny, og brukt som kunstnarisk uttrykk har han vore noko omstridd. I dag er det ein akseptert kunstnarisk grafisk teknikk.

Grafisk framstilling[endre | endre wikiteksten]

«Ei grafisk framstilling» er ei visuell framstilling av talstorleikar ved hjelp av figurar, linjer og flater.

Grafiske fag[endre | endre wikiteksten]

Handverksgrafikar»[endre | endre wikiteksten]

Dei såkalla grafiske faga arbeider med framstilling av bøker og trykksaker. Ein grafisk fagarbeidar er ein trykkar med utdanning i både typografi og reproduksjonsteknikk. Målet for arbeidet til fagarbeidaren er mest mogleg korrekt attgjeving av eit bilde eller ein tekst.

Kunstgrafikar[endre | endre wikiteksten]

Grafikk er eit eige fag ved kunstnariske utdanningsstader. Kunstnarar har eksperimentert og funne mange ulike måtar å forme trykkplatene på. bruk av ulike materialar for å lage platene. Ulike måtar å trykke eller å farge inn platene på, ei eller fleire plater. Ulike papirtypar. Eller ein eller fleire teknikkar i kombinasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • 1994. GRAFIKK, Norsk Kunstgrafikk i dag. Norwegian Prints today. Norske Grafikere 75 år. Grøndahl Dreyer. ISBN 82-504-2108-6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]