Graham Greene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Henry Graham Greene (fødd 2. oktober 1904 i Berkhamsted i England, død 3. april 1991 i Vevey i Sveits) var ein britisk forfattar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Graham Greene var det fjerde av Charles Henry Greene og Marian Raymond sine seks barn.[1]

Faren var rektor ved skolen Graham Greene gjekk på, så skoletida var vanskeleg fordi han stod i ein lojalitetskonflikt mellom medelevane og faren. Greene studerte historie ved Balliol College i Oxford. I ungdomstida blei han mobba og leid av alvorlege depresjonar. I blant spelte han russisk rulett og måtte derfor gå til psykoanalyse, eit alvorleg steg på den tida. Etter studietida arbeidde Greene først som privatlærar, deretter som journalist, først i Nottingham Journal,[2] seinare var han sub-editor i redaksjonsstaben til dagsavisa The Times og til slutt litterær redaktør i magasinet The Spectator.

I 1926 konverterte han katolisismen, truleg for å gjere det mogeleg å trulove seg med den katolske konvertitten Vivien Dayrell-Browning. På grunn av Greenes mange kjærleiksaffærer og hyppige bordellbesøk separerte dei seg etter andre verdskrigen, men dei var gift fram til han døydde.

I 1930-åra skreiv han filmkritikk for fleire britiske aviser, blant anna slakta han regelbunden Alfred Hitchcock sine filmar. Ein omtale av framtoninga til den amerikanske barnestjerna Shirley Temple i filmen Wee Willie Winkie resulterte i ei injurie-rettssak som ruinerte magasinet Night og Day der Greene var medredaktør. På denne tida fekk han smaken på å reise, ein interesse han beheldt livet ut. Ei kort tid var han medlem av Communist Party of Great Britain[3] fordi han håpte å få reise til Sovjetunionen, men det lukkast han ikkje.

Frå 1942 til 1943 arbeidde Greene for den britiske etterretningstenesta MI6 i Vest-Afrika.[4] Han var underordna Kim Philby som seinare viste seg å vere dobbeltagent for Sovjetunionen. Førstehandserfaringane frå MI6 brukte Greene til å skildre den skjulte verksemda til diplomatkorpset på ein presis og ironisk måte i romanane sine, til dømes i Our Man in Havana (1958).

Eit sentralt punkt i romanane hans er the human condition; skuld, tru/vantru og svik forkledd som eventyrhistorier, spionthrillarar og krim. Greene var blant anna ein hardnakka motstandar av kolonialismen og all elenda den førde med seg. Sjølv delte Greene lenge inn verka sine i novels (dei seriøse romanane, som It's a Battlefield, 1934) og entertainments (underhaldningsromanane, som The Confidential Agent, 1939), men gav seinare opp denne todelinga. Særleg i dei tidlege romanane herska det ein grå og trist atmosfære med romankarakter som søkte frelse (fram til A Burnt-Out Case, 1960). Atmosfæren fekk i engelsk språkbruk nemninga Greeneland. I dei seinare romanane, omtrent frå Travels With My Aunt (1969), knytte han i stendig større grad dei tradisjonelle emnene hans som religion og lovbrot saman med ein grotesk, makaber sans for humor, som i Doctor Fischer of Geneva or The Bomb Party (1980).

Greene sjølv blei driven av ei kjensle av evig keisemd som han ønska seg vekk frå, noko han fortalde om i sjølbiografien Ways of Escape (1980). Dette førde han til alkoholen, til alle verdas kriseområde, inn i ei mengd kvinneaffærer og til ein stor produktivitet: i tillegg til romanforfattar og journalist var han dramatikar og manusforfattar, og var dessutan ein frykta lesarbrevskribent.

Den store populariteten bøkene hans fekk over heile verda viste seg ved at nesten alle romanane blei filma av regissørar som John Ford, Otto Preminger, Joseph L. Mankiewicz, Neil Jordan og Carol Reed. Dei mest kjende filmane er The Third Man, Our Man in Havana og i deis seinare åra framfor alt The End of the Affair med Julianne Moore og Ralph Fiennes og The Quiet American Michael Caine og Brendan Fraser.

I dei siste åra av livet var Greene ein skarp kritikar av utantrikspolitikken til USA og støtta politikken til Fidel Castro. Etter boka The Comedians (1966) der han skildra terrorregimet til Tonton Macoute blei han møtt med løgnkampanjar, blant anna karakteriserte «Papa Doc» Duvalier han som «torturist» i ei brosjyre.

Sjølv om Greene var ein offentleg person i over førti år held han privatlivet så avskjerma som mogleg. Det førde til spekulasjonar om han verkeleg slutta å arbeide for MI6 etter andre verdskrigen.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Grava til Greene i Corseaux

Lyrikk[endre | endre wikiteksten]

  • Babbling April (1925)

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • The Man Within (1929)
  • The Name of Action (1930)
  • Rumour at Nightfall (1932)
  • Stamboul Train (1932)
  • It's a Battlefield (1934)
  • England Made Me (1935)
  • A Gun for Sale (1936)
  • Brighton Rock (1938)
  • The Confidential Agent (1939)
  • The Power and the Glory (1940)
  • The Ministry of Fear (1943)
  • The Heart of the Matter (1948)
  • The Third Man (1950)
  • The End of the Affair (1951)
  • The Quiet American (1955)
  • (Loser Takes All) (1955)
  • Our Man in Havana (1958)
  • A Burnt-Out Case (1960)
  • The Comedians (1965)
  • Travels with My Aunt (1969)
  • The Honorary Consul (1973)
  • The Human Factor (1978)
  • Doctor Fischer of Geneva (1980)
  • Monsignor Quixote (1982)
  • The Tenth Man (1985)
  • The Captain and the Enemy (1988)

Sjølvbiografiske verk[endre | endre wikiteksten]

  • A Sort of Life (1971)
  • Ways of Escape (1980)
  • A World of My Own (1992) (drømmedagbok, utgitt posthumt)

Reisebøker[endre | endre wikiteksten]

  • Journey Without Maps (1936)
  • The Lawless Roads (1939)
  • In Search of a Character: Two African Journals (1961)

Skodespel[endre | endre wikiteksten]

  • The Living Room (1953)
  • The Potting Shed (1957)
  • The Complaisant Lover (1959)
  • Carving a Statue (1964)
  • The Return of A.J.Raffles (1975)
  • The Great Jowett (1981)
  • Yes and No (1983)
  • For Whom the Bell Chimes (1983)

Noveller[endre | endre wikiteksten]

  • The Destructors (1954)
  • The Invisible Japanese Gentlemen (1965)
  • The Last Word (1988)

Anna[endre | endre wikiteksten]

Prisar i utval[endre | endre wikiteksten]

Offisiell biografi[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ulrich Greiwe: Graham Greene und der Reichtum des Lebens. Deutscher Taschenbuchverlag, München 2004, s. 205 ff.
  2. «Graham Greene». Biogs.com. http://www.biogs.com/famous/greenegraham.html. Henta 2 June 2010. 
  3. Graham Greene Biography, Encyclopedia of World Biography
  4. Forfattarportrett i Graham Greene: Das Ende einer Affäre. Rowohlt, Hamburg 1955, s. 2.
  5. 5,0 5,1 Graham Greene: The Quiet American. Penguin, London 1974, s. 1.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Graham Greene