Maurpittaer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Grallariidae)
Gå til: navigering, søk
Maurpittaer


Brunhovudmaurpitta, Grallaria ruficapilla
Brunhovudmaurpitta, Grallaria ruficapilla

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Grallariidae

Maurpittaer, Grallariidae, er ein biologisk familie av sporvefuglar i subtropisk og tropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika.

Maurpittaer er knytt til skogbotn i lågland og tåkeskog. Dei varierer i storleik frå ca. 10 centimeter for Grallaricula-artane til 24 centimeter for kjempemaurpitta. Karakteristiske trekk for maurpittaer som skil dei frå maurrikser er at står fram som nesten utan hale og at dei føretrekk å ta seg fram på bakken med hopping der maurrikser gjerne går som ei rikse med stjerten peikande opp. Fellestrekk med maurrikser er at mange av artane har lange, kraftige bein og kraftige nebb. Dei kan ha litt triste farger i grått, brunt og raudt, men òg kjennelege mønstre i fjørdrakta. Maurpittaer er sky og sjeldan sett, truleg oftare høyrt ettersom mange artar har kraftige lydytringar.

Skildring av slektene[endre | endre wikiteksten]

Grallaria - er store maurpittaer med tydelege mønstre, flekker eller striper i fjørdrakta, dei framstår som runde i kroppsforma med litt brusande fjør. Kjønna er like. Dei er særs sky og vanskelege å observere. 31 av dei totalt 49 artane i familien er av denne slekta.

Hylopezus - er åtte relativt mindre maurpittaartar med stripete underside som lever i lågland. Relativt små nebb. Kjønna er like.

Myrmothera - dei to artane liknar Grallaria-artane, men er mindre, har tynnare nebb og meir ukåre striper i drakta. Brunryggmaurpitta er ein låglandsart, medan tepuimaurpitta er mest vanleg frå 1200 moh. og oppover til 2400 moh.

Grallaricula - er ei slekt med åtte av dei minste maurpittaene, verkar små og runde, typisk 10 til 11 cm i lengd. Kjønna er mykje like. Dette er sjeldne fuglar, særs vanskelege å observere i små habitat på skogbotn i tåkeskog. Okerpannemaurpitta er lista som ein trua art og raudhovudmaurpitta som sårbar av IUCN i 2010.[1]

Taksonomi og artsoversyn[endre | endre wikiteksten]

Kjempemaurpitta, Grallaria gigantea, her fotografert i Reserva Paz de las Aves, Ecuador, den største maurpitta, ca. 24 cm.
Foto: Keith Bowers
Blånakkemaurpitta, Grallaria varia ca. 20 cm i lengd, er spreitt til 8 land i Sør-Amerika
Foto: Dario Sanches
Piuramaurpitta, Grallaricula peruviana er ein representant for dei minste maurpittaer, ca. 10 cm.
Foto: Ana Greda

Status for familien i taksonomien[endre | endre wikiteksten]

Fram til ca. 2007 - 2008 var maurpittaer klassifisert saman med maurrikser i familien Formicariidae. I 2002, 2004 og 2005 kom det framlegg om å splitte Formicariidae ut fra funn i gentiske studiar.[2] Det innebar at 12 maurrikser i slektene Formicarius og Chamaeza ligg igjen i Formicariidae medan Grallaria, Hylopezus, Myrmothera og Grallaricula blei flytta til Grallariidae. Pittasoma blei lagt til Conopophagidae, myggetarar. Denne endringa er no reflektert både i lista frå International Ornithological Congress[3] og i Clementslista frå desember 2009[4]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Det er klassifisert 49 artar i fire slekter. Maurpittaer i rekkjefølgje etter Clementslista frå desember 2009 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]





Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
  • Hilty, Steven L. Birds of Venezuela Christopher Helm, London (2003) ISBN 0-7136-6418-5

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International (2010). «Grallaricula». Data Zone. http://www.birdlife.org/datazone/species/index.html?action=SpcHTMFindResults.asp&hdnAction=SEARCH&hdnPageMode=0&cboFamily=110&txtGenus=Grallaricula&txtSpecies=&txtCommonName=&cboRegion=-2&cboCountry=-2. Henta 18. juli 2010. 
  2. Richard C. Banks, R. Terrrry Chesser, Carla Cicero, Jon L. Dunn, Andrew W. Kratttter, Irbrby J. Lovetttte, Pamela C. Rasmussen, J. V. Remsen, Jr., James D. Rising, Douglas F. Stotz, and Kevin Winker (2008). «Forty-ninth Supplement to the American Ornithologists' Union Check-list of North American Birds». The Auk 125 (3): 758-768. doi:10.1525/auk.2008.9708. ISSN 004-8038. 
  3. International Ornithological Congress: IOC World Bird List version 2.5 - Maurfuglar
  4. Clementslista frå desember 2009
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Maurpittaer