Grampian Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Grampian Mountains eller Grampians (Am Monadh på gælisk) er ei av tre store fjellkjeder i Skottland, og utgjer ein stor del av Dei skotske høglanda nordaust i Skottland.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fjella strekkjer seg sørvest til nordaust mellom Highland Boundary Fault (høglandsgrensa) og Glen Mor eller Great Glen (Den store dalen), og okkuperer omtrent halvparten av landområda i Skottland.

Fjellkjeda inkluderer Ben Nevis, det høgaste fjelltoppen på Dei britiske øyane med ei høgd på 1343 meter over havet. Ben Macdui er det nest største fjellet med 1309 meter som òg ligg i Cairngorm-regionen i Grampian-fjella.

Området har avgrensa busetjing anna enn i nokre få område som Aviemore, ein snø- og vinterferiestad.

Fjella består blant anna av granitt og marmor. Fleire elvar renn i Grampian-fjella som Spey, River Don, River Dee, Esk og Tay.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Ein trur at namnet Grampian vart gjeven til fjellkjeda ein gong på 1520-talet av historikaren Hector Boece, ei omstaving frå det romerske namnet Mons Graupius som vart nedskriven av Tacitus som staden der dei innfødde kaledoniarane vart sigra over av den romerske generalen Gnaeus Julius Agricola (svigerfar til Tacitus) kring 83 e.Kr. Før dette vart fjella kalla for Mounth, eit namn som enno blir nytta ved fleire geografiske trekk. Opp mot 1800-talet trudde ein at fjella bestod av fleire fjellkjeder. Dette synet er enno halde av mange den dag i dag, og det er ikkje eit enkelt namn for fjellkjeda i det skotsk-gæliske språket eller den doriske dialekten i det skotske språket.

Andre hovudfjellkjeder i Skottland er Northwest Highlands og Southern Uplands.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 56°55′N 4°00′W