Gran Canaria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gran Canaria
Flagget til Gran Canaria
Flagget til Gran Canaria
Geografi


Stad Atlanterhavet
Koordinatar 27°58′N 15°36′WKoordinatar: 27°58′N 15°36′W
Øygruppe Kanariøyane
Areal 1560 km²
Høgaste punkt Pico de Las Nieves (1949 moh.)
Administrasjon
Land Spania
Provins Las Palmas
Største busetnad Las Palmas de Gran Canaria (381 123 innb.)
Demografi
Folketal 829 597 (2008)
Folketettleik 531 /km²
Topografien til Gran Canaria.
Satellitt bilete av Gran Canaria.

Gran Canaria er ei av Kanariøyane. Ho ligg i Atlanterhavet om lag 150 km utanfor nordvestkysten av Afrika og om lag 1350 km frå Europa.[1]

Gran Canaria er den nest folkerikaste øya i Kanariøyane etter Tenerife.[2] [3] På trass av sitt namn er Gran Canaria ikkje den største av Kanariøyane.[4]

Øya er eit viktig turistmål og blir årleg vitja av 5 millionar menneske (sept. 2013). På norsk er Gran Canaria ein typisk del av «Syden».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya vart folkesett av guanchar, som kan ha kome her så tidleg som 500 f.Kr. Kanariane kalla øya Tamarán. Etter over eit hundreår der europearane prøvde å erobre øya, vart ho til slutt erobra 29. april 1483 av kongedømet Castilla med støtte frå dronning Isabella I. Det var eit viktig steg i utvidinga av Spania.

Hovudstaden Las Palmas de Gran Canaria vart grunnlagd 24. juni 1478 med namnet Real de Las Palmas av Juan Rejón, som leia invasjonen. I 1492 ankra Kristoffer Columbus opp i hamna i Las Palmas på den første turen hans mot Amerika.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Gran Canaria ligg søraust for Tenerife og vest for Fuerteventura. Øya har vulkansk opphav og består hovudsakleg av sprekkventilar. Gran Canaria er den nest folkerikaste øya i Kanariøyane etter Tenerife og har eit areal på 1560 km². Det høgaste punktet på øya er Pico de Las Nieves på 1949 moh. Øya har ei rund form og er om lag 50 km i diameter.

Gran Canaria er delt inn i 21 kommunar:

Øya hadde 820 257 innbyggjarar i 2005 og av desse budde 378 628 i hovudstaden Las Palmas de Gran Canaria. Las Palmas de Gran Canaria er òg hovudstaden i provinsen Las Palmas og ein av to hovudstader i det autonome området Kanariøyane i lag med Santa Cruz de Tenerife.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Gran Canaria har ein normal maksimumstemperatur som varierer frå 20 °C om vinteren til 26 °C om sommaren. Ein kan få nokre kjølige netter om vinteren, men temperaturer under 10 °C er særs sjeldan ved kysten. I innlandet er klimaet framleis mildt, men i fjellområda kan ein stundom få frost eller snø. Varme søraustlege vindar frå Sahara kan presse temperaturen opp mot 40 °C i somme tilfelle, men desse episodane varer som regel ikkje lenge. Den normale årsnedbøren er 228 mm, og det meste av dette kjem i dei kjøligare månadane. Frå juli til september kjem det som regel lite og ingenting. Nedbøren er òg ujamt fordelt over øya og enkelte område er langt tørrare enn andre. Skydekke og soltimar er nokså variable i dei kjøligare månadane, og ein kan få fleire skya dagar på rad om vinteren. Om sommaren er det som regel sol.

Mal:Infoboks vêr

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Øya vert kalla eit «miniatyrkontinent» på grunn av det varierande klimaet og det varierte landskapet med lange gyldne strender og endelause dyner med kvit sand, grøne ravinar og vakre landsbyar.[5] Ein tredjedel av øya er verna som eit biosfærereservat av UNESCO.

Øya har om lag 2,2 millionar vitjande kvart år. Dei fleste turistane vitjar den sørlege delen av øya. Den nordlege delen er noko kjøligare, medan den sørlege er meir solrik og varmare. Austkysten av øya har mange strender, medan vestkysten er meir prega av klipper og fjell.

Øya har 32[6] verna naturområde.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gran Canaria

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Gran Canaria frå Wikivoyage