Gran prestegard

Koordinatar: 60°22′05″N 10°31′24″E / 60.368191°N 10.5234°E / 60.368191; 10.5234
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°22′05″N 10°31′24″E / 60.368191°N 10.5234°E / 60.368191; 10.5234

Gran prestegard
Foto: Jan-Tore Egge

Gran prestegard ligg eit par hundre meter nordvest for Søsterkyrkjene på Granavollen.

Dagens prestebustad vart oppført på prestegardstunet i 1978 etter teikningar av Inge Prestkvern.[1] På prestegardsgrunnen står òg eit berømt steinhus som skal vere bygd med stein som var til overs ved ei ombygging av Søsterkyrkjene. Dei to husa heng saman.

Rett sør for prestegarden er ein prestegardshage som vart kjøpt av Gran kommune i 1997.[2][3]

Minst to generasjonar Lassen har vore prestar med bustad på prestegarden, og genealogen Wilhelm Lassen[4] vaks opp der. Wilhelm Cornish Lassen er faktisk gravlagd i hagen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Opplysningsvesenets fond
  2. Rapport om Gran prestegardshage Arkivert 2014-07-14 ved Wayback Machine. fra Kulturetaten i Gran kommune
  3. Gran kommune om prestegardshagen, arkivert frå originalen 14. juli 2014, henta 4. juli 2014 
  4. Norsk biografisk leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gran prestegard
Spire Denne Innlandetartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.