Granatkastar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein amerikansk soldat avfyrer ein 60 mm granatkastar M224.
Ulike typar granatkastarar.

Granatkastar, som ofte vert kalla bombekastar, er eit infanterivåpen som skyt ein og ein granat ut av eit røyr, og som må ladast mellom kvart skot. Røyret er som regel glattbora, men det finst òg typar med rifla røyr. Då granatkastaren er samansett av berre ei fotplåte, sjølve røyret, eit stativ og eit sikte, og desse delane kan skiljast frå kvarandre under transporten, er han ofte ikkje er tyngre enn at soldatane kan bere våpenet med seg.

Granatkastarane skal avfyrast med røyret i ein vinkel på meir enn 45 gradar, slik at granaten går i ein høg boge mot målet. Dette gjer at granatane kan skytast ut frå stillingar som er verna av ei dekking eller ligg i skjul bak naturlege høgder i terrenget. Dei fleste granatkastarane skal ladast ved at granaten vert slept ned i det steilt retta røyret. Ei drivladning vert då utløyst ved at bakparten på granaten slår mot ein tennspiss i botnen av røyret.

I Noreg nyttast ein type granatkastar eller bombekastar (avstytta til BK) med kaliber 81 mm, med om lag fem kilometer som største rekkevidd. Han kan anten berast, eller kan monterast i ein forsterka beltevogn. Ammunisjonen er i hovudsak spreng-, røyk- og ljosgranatar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Granatkastar