Grangemouth

Koordinatar: 56°1′N 3°43′W / 56.017°N 3.717°W / 56.017; -3.717
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grangemouth

skotsk-gælisk Inbhir Ghrainnse
Bo'ness Road
Bo'ness Road
Bo'ness Road
Plassering
Grangemouth is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Falkirk region
Tradisjonelt grevskap Stirling and Falkirk
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

17 906
Koordinatar 56°1′N 3°43′W / 56.017°N 3.717°W / 56.017; -3.717
Diverse annan informasjon
Postnummer FK3
Telefon-retningsnummer 0 1324
Commons har multimedium som gjeld: Grangemouth

Grangemouth er ein by i regionen Falkirk i Skottland. Han har kring 18 000 innbyggjarar og ligg ved elva Forth. Byen er kjent for Grangemouth-raffineriet som er eit av dei største i Europa.

Byen vart grunnlagt på slutten av 1700-talet, då sir Lawrence Dundas foreslo å byggje ein landsby og ein kai i austenden av Forth og Clyde-kanalen. Forslaget fekk støtte frå styresmaktene, og byggeverksemda starta i 1777. Innan 1797, då det vart skrive ein rapport om framgangen, var staden ein stor landsby, og hadde fått namnet Grangemouth.

Det første namnet var Sealock, men dette vart endra til Grange Burn Mouth, etter den vesle elva Grange Burn som rann inn i Carron like ved. I løpet av 1780-åra vart dette trekt saman til Grangemouth.

Etter at det vart konstruert eit hamneanlegg, som hadde direkte samband med Glasgow via kanalen, byrja staden verkeleg å vekse. Ein stor del av varene som vart importert til Skottland vart teken inn over hamna i Grangemouth før dei vart sende vidare gjennom kanalnettverket. I 1810 fekk byen sitt eige tollhus, og trong dermed ikkje lenger å betale toll til den eldre landsbyen Bo'ness nokre kilometer unna. Det vart òg bygt ein tørrdokk i 1811. Mot slutten av det 1800-talet fekk Grangemouth bystatus.

Grangemouth Aerodrome vart oppretta i februar 1939 som ein del av planlegginga for ein eventuell krig, og var ei tid den største flyplassen i Storbritannia. Under andre verdskrigen vart han særleg brukt til opplæring av jagarflygarar. Berre to hangarar står igjen av anlegget, medan resten av området er dekt av ein stor petrokjemisk fabrikk, eit sportsstadion og andre bygningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]