Grans Bryggeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grans Bryggeri i Sandefjord
Foto: Peter Fiskerstrand

Grans Bryggeri AS vart etablert i 1899 og har produksjon og lager i Sandefjord. Namnet var Sandefjord Bryggeri og Mineralvandfabrik A/S til 1965. Etter to generasjonar med Guttorm Gran (senior og junior) som leiarar, vart Trygve Christophersen engasjert som administrerande direktør i 2001.

I oktober 2005 kjøpte Reitangruppen seg inn og eig med det 50 % av bryggeriet. Familien Gran eig dei resterande 50%.

Dagleg leiar er Morten Gran, og bryggeriet har 57 tilsette. I 2009 selde Grans ca. 13.5 millionar liter øl og ca. 30 millionar liter brus.

Bryggeriet vart kåra til Årets Vestfoldbedrift 2004.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]