Granvin herad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Granvin herad
Våpen Kart
Komm.nr. 1234
Fylke Hordaland
Adm.senter Eide
Areal 211 km²
Folkemengd 904 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Ingebjørg Winjum (V)
Målform Nynorsk
Nettstad www.granvin.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1234.svg
Granvin herad på Commons

Granvin herad ligg i Hardanger i Hordaland fylke. Granvin er ein av dei kommunane i landet som nyttar nemninga «herad» i staden for «kommune». Våpenet til kommunen er ei hardingfele.[2]

Bilde tatt ved Granvinsvatnet medan det bryggar opp til regn.
Foto: G.K. Tjoflot

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Granvin er ein av dei sju hardangerkommunane. Granvin er lett å koma til med båt eller bil. Granvinsfjorden går heilt inn til sentrum, til det gamle trafikk-knutepunktet Eide. Riksveg 13 går mellom Voss og Granvin. Fylkesveg 7 går til Bergen langs Hardangerfjorden. Det tek 30 minutt til Voss og ca. 2 timar til Bergen eller til Flesland flyplass med bil. Det går òg buss til Bergen og Voss. Frå Kvanndal går det ferje til Kinsarvik og Utne i Ullensvang herad. Hardangerbana, som var ein sidebane til Bergensbanen og førte frå Granvin til Voss, vart lagt ned i 1985.

Bygda har tradisjonelt vore tufta på skog- og jordbruk som næringsveg. Dette er òg grunnlaget for seinare års industriutvikling, med Granvin Bruk

Historie[endre | endre wikiteksten]

Granvin vart eigen heradskommune i 1891, då heradet vart utskilt frå Ulvik heradskommune. Det første namnet var Graven heradskommune, men i 1898 vart dette endra til Granvin.

I april 1940 var det kamphandlingar ved Skjervefossen i kommunen, etter at tyske troppar hadde blitt sett i land inst i Granvinsfjorden og heldt fram over land mot Voss.

1. januar 1964 vart eit område rundt Kvanndal, langs Hardangerfjorden i vest, overført frå gamle Kinsarvik herad til Granvin herad, som dermed fekk grense til Kvam herad i vest.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Granvin kommune frå 1920:

1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1971[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
1070a 1159a 1190a 1158a 1070a 1013 1000 1050 1037 947
aTalet omfattar ikkje området rundt Kvanndal, som vart overført til Granvin herad frå Kinsarvik kommune i 1964. Dette området hadde då 72 innbyggjarar.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Heradstyrerepresentantar

Det første listevalet i Granvin vart halde i 1928.

År Bygdeliste Arbeidarpartiet Samlingsliste Senterpartiet/
Bondepartiet
Venstre Høgre Felleslister Sosialistisk
Venstreparti
1928[6] 9 3
1931[7] Ikkje listeval
1934[8] Ikkje listeval
1937[9] 8 1 3
1945[10] 6 6
1947[11] Ikkje listeval
1951[12] 8 3 1
1955[13] 3 1 8 1
1959[14] 3 7 3
1963[15] 3 7 3
1967[16] 4 6 3
1971[17] 4 7 2
1975[18] 2 4 7
1979[19] 3 7 2 1a
1983[20] 3 6 2 2a
1987[21] 3 6 2 2
1991[22] 2 6 2 2 1
1995[23] 2 6 2 2 1
1999[24] 2 6 2 2 1
2003[25] 3 5 2 1 2
2007[26] 6 4 1 2
2011[27] 4 5 3 1

a Fellesliste Venstre/Kristeleg Folkeparti

Kjende personar frå Granvin[endre | endre wikiteksten]

Granvin bruk
Foto: Thomas Andersen

Grunnkrinsar i Granvin herad[endre | endre wikiteksten]

Granvin er eitt delområde som er deld inn i åtte grunnkrinsar.[28]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. «Turistinformasjon Granvin herad», granvin.kommune.no
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Granvin 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. Hordaland 24.10.1928
  7. Hordaland 21.10.1931
  8. Hordaland 17.10.1934
  9. Hordaland 20.10.1937
  10. Hordaland 8.12.1945
  11. Hordaland 25.10.1947
  12. Hordaland 10.10.1951
  13. Hordaland 5.10.1955
  14. Hordaland 30.9.1959
  15. Hordaland 25.9.1963
  16. Hordaland 27.9.1967
  17. Hordaland 25.9.1971
  18. Hordaland 18.9.1975
  19. Hordaland 20.9.1979
  20. Hordaland 15.9.1983
  21. Hordaland 17.9.1987
  22. Hordaland 10.9.1991
  23. Hordaland 14.9.1995
  24. Hordaland 16.9.1999
  25. Hordaland 18.9.2003
  26. www.regjeringen.no
  27. "Resultater for Granvin i Hordaland"
  28. Delområde og grunnkrinsar, 2006 frå Statistisk Sentralbyrå