Granvinsvatnet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Granvinsvatnet | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | Granvin (Hordaland) |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Overflateareal | 4,05 km² |
| Kystlengd1 | 10,97 km |
| Høgd over havet | 24 moh |
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Granvinsvatnet er eit vatn som ligg i Granvin herad i Hordaland. Ved sørenden ligg tettstaden Eide, medan grenda Øvre Vassenden ligg ved nordenden. På vestsida av vatnet ligg garden Nesheim, og på austsida ligg Holven og Granvin kyrkje.
Riksveg 13 går langs austsida av vatnet. Ved Holven kjem Riksveg 572, som kjem over fjellet frå Ulvik, ned og møter Riksveg 13. Frå Øvre Vassenden går Fylkesveg 305 til Nesheim.