Grashoppesongar
| Grashoppesongar | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Megaluridae | |
| Slekt: | Locustella | |
| Vitskapleg namn | ||
| Locustella naevia
Boddaert, 1783
|
||
Grashoppesongaren (Locustella naevia) er ein fugleart i songarfamilien.
Innhaldsliste |
[endre] Utsjånad, lyd og feltkjenneteikn
Grashoppesongaren er om lag 12 til 14 cm lang og veg 14 til 20 gram. I Noreg finst det to fargevariantar. Oversida er i begge tilfella olivenbrun med striper. Undersida er enten gulkvit med svake striper framme på brystet, eller lyst gråaktig utan striper. Hoer og hannar har same fargar.
Songen let som "sirrrr" og minner om lyden frå ei grashoppe, noko som har gitt fuglen namn. Fuglen er sky, held seg helst på marka og unngår å flyge. Han er derfor vanskeleg å observere og røpar seg mest i samband med songen.
[endre] Biotop og utbreiing
Grashoppesongaren lever i opne landskap, fuktige enger, våtmarker, ved elvebreidder og på heier. Fuglen hekker i store deler av Europa og nordre deler av Asia. Til Noreg har han kome ganske seint. Første gong registrert i 1883 på Jæren. Arten var registrert her i landet berre to gongar før 1949. Sidan auka talet på fuglar fram til 1980, då det stabiliserte seg. Jæren er det norske kjerneområdet for arten, men også Lista har ein liten fast bestand. Elles hekker arten spreidd og uregelmessig nordover langs kysten til Nord-Trøndelag, og på Austlandet. Grashoppesongaren er trekkfugl og overvintrar i tropisk Afrika. Dei første individa kjem til Jæren i slutten av april, og dei fleste revirhevdande hannane er komne før midten av mai. Dei fleste individa reiser frå hekkeområda i august. Arten vert registrert spreidd og tilfeldig fram til byrjinga av oktober, men desse individa kjem truleg ikkje frå den norske hekkebestanden.
[endre] Hekking
Fuglen vert kjønnsmoden etter eit år. Hekkeperioden strekker seg frå mai til byrjinga av august. I utlandet er to kull det normale. I Noreg finst det lite informasjon om talet på kull. Paret bygg eit skålforma reir av strå, lauv og gras og gøymer det i tett vegetasjon på marka. Hoa legg 4 til 7, oftast 5 eller 6, kvitfiolette flekkete egg. Begge foreldra ruger i 12 til 15 dagar. Ungane vert i reiret i 10 til 12 dagar.
[endre] Føde
Grashoppesongaren et edderkoppar, sniglar, insekt og insektlarver.
[endre] Kjelder
- Artikkelen er bygd på stoff frå tysk og svensk wikipedia.
- Norsk FUGLEATLAS, Norsk Ornitologisk Foreining, 1994.
url=http://de.wikipedia.org/w/index.php?title=Feldschwirl&oldid=7943874%7C artikkel=Feldschwirl| dato=2005-08-17| url=http://www.helhetsverkstedet.no/natur/
- Nordens fåglar av Roland Staav och Thord Fransson, andra upplagan, Stockholm 1991 ISBN 91-1-913142-9
- ArtDatabanken
- Bilder på Birds.se