Grassongarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grassongarar


Gyllengrassongar, Cisticola exilisFoto: Sudhir Shivaram
Gyllengrassongar, Cisticola exilis
Foto: Sudhir Shivaram

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Cisticolidae
Slekter
  • Mange, sjå teksten

Grassongarar er ein biologisk familie av små sporvefuglar, ei gruppe på rundt 160 songarar som hovudsakleg lever i varmare og sørlege delar av «den gamle verda».

Denne familien stammar truleg frå Afrika der ein finn dei fleste artane, men det lever representantar for familien på tvers av tropisk Asia inn i Australasia, og ein art, cistussongar, hekkar til og med i Europa.

Desse er generelt mykje små, lite iaugefallande fuglar i dominerande brun eller grå farge. Ein finn grassongarar i ope landskap som grassletter eller krattskog. Dei er ofte vanskelege å observere, og mange artar er mykje like i utsjånad, derfor er ofte songen beste nøkkelen til identifisering.

Dette er insektetande fuglar som hekkar lågt i vegetasjonen.

Utanom den største slekta Cisticola av grassongarar og cistussongarar, samlar familien 21 andre slekter, mellom anna jeriar, apalisar, smettsongarar, priniaer, skredderfuglar og eremomelaer.

Grassongarar er ofte inkludert i songarfamilien, Sylviidae.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Grassongar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Neomixis

Slekt Apalis, ca. 20 artar apalisar

Slekt Camaroptera

Slekt Urorhipis

Slekt Calamonastes

Slekt Euryptila

Slekt Schistolais

Slekt Artisornis

Rustøyreprinia, Malcorus pectoralis
Foto: Alastair Rae

Slekt Malcorus

Slekt Drymocichla

Slekt Urolais

Slekt Spiloptila

Slekt Cisticola, ca. 45 artar grassongarar

Slekt Incana

Slekt Scotocerca

Slekt Hypergerus

Slekt Eminia

Slekt Bathmocercus

Slekt Phyllolais

Slekt Orthotomus

Slekt Prinia, ca. 25 artar priniaer

Slekt Eremomela, 11 artar eremomelaer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]