Grav aksent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
À à
È è
Ì ì
Ò ò
Ù ù

Grav aksent,  ` , er eit aksentteikn brukt i mange moderne skriftspråk basert på det latinske alfabetet. Det latinske ordet gravis tyder «tung» og viser til ein fallande tone i motsetning til ein «skarp» tone (akutt aksent). I norsk språk vert grav aksent ved somme høve bruka for å markere open uttale av vokalar.

I skriftleg norsk skal grav aksent brukast i visse utanlandske namn, som Genève, Liège, Val-d’Isère. Grav aksent kan brukast i den franske preposisjonen à i uttrykk som à jour (men ikkje i samansetningar: ajourføre), à la carte, vis-à-vis, 2 poser à 500 g.

Vi bør òg bruke grav aksent for å skilje adverbet òg (= også) frå konjunksjonen (bindeordet) og: Han òg ville vere med. Elles kan vi bruke grav aksent ved nokre få heimlege ord, som i fòr (plogfòr) og lèt (presens av late).

Merk at det ikkje skal ikkje vere aksentteikn i franske lånord som ampere, premiere, misere, barriere, bohem, tantieme, og heller ikkje i desse utrykka av italiensk opphav: a cappella, a konto, a viso, a vista

I oppslagsverk o.l. kan tonelag 2 bli markert med ein grav aksent etter vokalen: å ka`ste.

Praktisk bruk[endre | endre wikiteksten]

På ein PC med Microsoft Windows og norsk tastatur skriv ein teiknet ` ved å halde «Shift» inne og trykke «\» (omvendt skråstrek). Dersom ein straks etterpå trykker tasten e, blir det ein è. Ønskjer ein berre aksentteiknet, trykker ein mellomromstasten i staden. På Macintosh er grav aksent ein daudtast, tast E12, dvs. tasten til høgre over Å. Trykk shift - aksenttasten, og deretter vokalen.

ISO-8859-1-bokstavkodinga inkluderer bokstavane store og små bokstavar av à, è, ì, ò, ù. Mange fleire prekomponerte bokstavar er tilgjengelege i Unicode. I tillegg inneheld Unicode også modifiserande teikn grav aksent, slik at ` kan plasserast oppå kva bokstav som helst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]