Gravitasjonell tidsforlenging

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gravitasjonell tidforlenging eller gravitasjonell tidsdilatasjon er ein faktisk skilnad i forløpt tid mellom to hendingar målt av to observatørar som er på ulik stad og i område med forskjellig gravitasjonspotensial. Dess lågare gravitasjonspotensialet er (dess nærare klokka er gravitasjonskjelda), dess treigare går tida. Albert Einstein var den første til å føresjå denne effekten i relativitetsteorien hans[1] og det har sidan vorte stadfesta eksperimentelt.

Det har vorte demonstrert at atomklokker i forskjellige høgder (og dermed forskjellig gravitasjonspotensial) etter kvart syner forskjellig tid. Effektane av slike eksperiment er ekstremt små og skilnadane vert målte i nanosekund.

Gravitasjonell tidsforlenging vart først skildra av Albert Einstein i 1907[2] som ein konsekvens av spesiell relativitet i akselererte referansesystem. I generell relativitet vert det rekna å vere ein skilnad i forløpt eigentid ved forskjellige posisjonar skildra av ein metrisk tensor i romtid. At det faktisk finst gravitasjonell tidsforlenging vart først stadfesta direkte i Pound–Rebka-eksperimentet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. * A. Einstein, "Relativity : the Special and General Theory by Albert Einstein." Project Gutenberg. <http://www.gutenberg.org/etext/5001.>
  2. A. Einstein, "Über das Relativitätsprinzip und die aus demselben gezogenen Folgerungen", Jahrbuch der Radioaktivität und Elektronik 4, 411–462 (1907)