Gravitasjonsfelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit gravitasjonsfelt er eit område der det verkar ei gravitasjonskraft på ein lekam som kjem inn i området.

I dagleglivet oppfattar vi krefter som kontaktkrefter, fordi dei er bunde til skyve- eller trekkverknad på dei lekamane det gjeld. I gravitasjonsfelt verkar kreftane på avstand, utan berøring, så dei er altså fjernkrefter.

Alle lekamar omgjev seg med eit gravitasjonsfelt. Styrken av feltet minkar raskt med aukande avstand frå gjenstanden, slik gravitasjonen er skildra matematisk av Isaac Newton. Nær jordoverflata er gravitasjonskrafta til jorda på eit kilogramlodd (tyngda av loddet) lik 9,8 N. 6000 km frå jordoverflata er krafta på loddet berre 2,5 N, og i ein avstand lik avstanden til månen frå jorda er han 0,0027 N.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]