Gravlaks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gravlaks med potetsalat.

Gravlaks eller graven laks er ein nordisk fiskerett laga ved graving av rå laks.

Namn og tillaging[endre | endre wikiteksten]

Laksefilet klar til graving.

I eldre tid pleide ein leggja fisk som skulle gravast ned i ei grop i jorda og dekka over for å sikra stabil temperatur. Dette er opphavet til namnet «graven» eller «gravlaks». Langvarig nedgraving med salt og sukker førte til fermentering som gjerne gjorde fisken meir lik rakfisk. På dansk og bokmål kan gravlaks også heita gravet laks, på svensk gravlax eller gravad lax, på finsk graavilohi og på islandsk graflax. I engelskspråkleg tradisjon bruker ein også gravlax som nemning for røykt laks, eller kan omtala gravlaks som lox.

Ein typisk måte å grava laks på i dag er å marinera filetar i salt, sukker og dill. Andre smakstilsetjingar kan vera pepar, peparrot, einebær, fennikel og akevitt eller andre typar alkohol. Så lèt ein fisken stå kaldt under lett press i 1-2 døgn. Omtrent kvar 12. time snur ein fisken og kan ausa over marinaden. Større filetar kan trenga opptil 4 døgn.

Servering[endre | endre wikiteksten]

Julekaldtbord med mellom anna gravlaks.

Ein kan servera gravlaks oppskoren i tynne skiver som små- eller forrett, anten med ulike typar brød eller med potet. Ofte bruker ein sennepssaus eller gravlakssaus til. Anna tilbehøyr kan vera eggerøre, pickle eller kapers.

Gravlaks kan ofte lagast som julemat, til dømes til eit kaldtbord.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]