Great Balls of Fire
| Great Balls of Fire Singel av Chuck Berry |
||
| B-side | «Drifting Heart» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | November 1957 | |
| Innspelt | 8. oktober 1957, Sun Studio i Memphis i Tennessee | |
| Lengd | 1:45 | |
| Selskap | Sun #281 | |
| Låtskrivar(ar) | Otis Blackwell, Jack Hammer | |
«Great Balls of Fire» er ein song av Otis Blackwell og Jack Hammer frå 1957.
Songen er mest kjend i Jerry Lee Lewis si utgåve frå 1957. Han vart spelt inn i Sun Studio i Memphis i Tennessee den 8. oktober 1957 og vart gjeve ut på singel på Sun i november 1957. Han nådde andreplass på Billboard-lista, 3. plass på R&B-lista og 1. plass på countrylista. Han nådde òg toppen av salslisten i andre land, som Storbritannia. Songen er av Rolling Stone rangert på 96. plass av dei 500 største songane gjennom tidene..[1]
Songen kjem frå eit amerikansk uttrykk, som enkelte kristne rekna som blasfemisk, og som referer til då Den heilage ande synte seg som eldtunger for dei tolv apostlane. I Tatt av Vinden frå 1939 uttaler Scarlett O'Hara (spelt av Vivien Leigh) fleire gonger «Great balls of fire!»
Andre utgåver [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Great Balls of Fire» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The RS 500 Greatest Songs of All Time. Vitja 23. september 2008.