Great Barrier Island

Koordinatar: 36°10′S 175°23′E / 36.167°S 175.383°E / -36.167; 175.383
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Great Barrier Island.

Great Barrier Island er ei stor øyNew Zealand. Ho ligg 90 km nordvest for Auckland City ytterst i Haurakigolfen. Øya dekkjer eit areal på 285 km², og er den nest største av øyene langs kysten til New Zealand. Det høgaste punktet på øya er Mount Hobson, 621 m høgt. Øya har fått dette namnet fordi ho verkar som ein barriere mellom Stillehavet og Haurakigolfen. Denne fjerntliggjande øya, som opphavleg vart utnytta for førekomsten av kauritre, er no busett av ei folkemengde på 852 menneske ved folketeljinga i 2006, ein nedgang frå 1017 i 2001.[1] Dei fleste livnærer seg av jordbruk og turisme.[2]

I fleire hundre år kalla dei innfødde maoriane øya Motu Aotea, som tyder 'øya til den kvite skya' eller 'øya som liknar ei kvit sky'.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kauridam på Great Barrier Island i 1967.

Hogst av kauritre var lønsamt i tidlege tider på øya. Men kauriskogane låg eit godt stykke inne i landet, og det fanst ingen enkel måte å få tømmerstokkane ut til havet eller til sagbruk. Stokkane vart derfor dregne til ei høveleg elvebreidd med bratte sider, og det vart bygd ein «kauridam» av tre. Han hdde ei falldør nær botnen, stor nok til at stokkane kunne gå gjennom. Når dammen vart fylt med vatn (det kunne ta opp til eit år) opna ein falldøra, og stokkane som flaut oppe i dammen vart dregne ned gjennom holet og fløytte ut til sjøen (om lag 25 kilometer i tilfellet med dammen på biletet). Tømmerindustrien hogg ned store flater med gammal skog, så det meste av den noverande skogen er yngre og oppattvaksen, i tillegg står det att eindel kauri lengst nord på øya.[2]

Ein annan mindre industri på øya var «gum-digging», oppgraving av meir eller mindre forsteina restar av kvaen frå kauritrea. Denne vart nytta til m.a. poleringsmiddel og ferniss. Det var også på ei tid gruveverksemd i mindre skala på øya.

Heilt nord på øya gjekk passasjerskipet SS Wairarapa på grunn og sokk i 1894. Denne tragedien var eit av dei største skipsforlisa på New Zealand, og 135 liv gjekk tapt. Som ei følgje av dette, vart det sett opp ei postrute med brevduer mellom Great Barrier Island og Auckland. Den første bodskapen vart flogen ut 14. mai 1897. Særskilde frimerke for denne tenesta vart utgjevne frå oktober 1898 til 1908, då ein ny, undersjøisk telegrafkabel vart lagt inn til Nordøya, og gjorde brevdueposten overflødig.[3]

Det kom aldri i gang utstrekt jordbruksverksemd på øya, og sjølv om ho ligg leia for skipsfart til Auckland, vart det ikkje særleg vokster i talet på fastbuande. No skriv mykje av inntektene til øya seg frå innbyggjarar som arbeider i Auckland eller lenger borte, eller frå turisme. Hus- og eigedomsprisane har trass dette stige i seinare tid på grunn av den auka etterspurnaden etter fritidsbustader i Aucklandområdet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Med ei flatevidde på 285 km2 er Great Barrier Island den sjette største av øyene på New Zealand etter Sørøya, Nordøya, Stewart Island/Rakiura, Chatham Islands og Auckland Island. Det høgaste punktet, Mount Hobson eller Hirakimata, er 621 m.o.h.

Det europeiske namnet til øya kjem av at ho ligg heilt ytterst i Haurakigolfen og gir livd mot austlege stormar frå Stillehavet. Øya har ei største lengde (frå nord mot sør) på om lag 43 km, og kystlinjene på aust- og vestsida er svært ulike. Austkysten består av lange, rette strender, forblåste sanddyner og der er sterke brenningar som høver for surfing. På vestkysten, som for ein stor del ligg i ly og har rolege farvatn, ligg hundrevis av små, bortgøymde havbukter som byr på noko av dei beste tilhøva for dykking og båtliv i heile landet.

Innløpa forbi øya til Haurakigolfen går gjennom to sund, eit på kvar side av henne. Colville Channel skil det sørlegaste punktet på øya (Cape Barrier) frå Cape Colville på nordenden til halvøya Coromandel Peninsula mot sør, og Cradock Channel ligg mellom Great Barrier Island og den mindre øya Hauturu/Little Barrier Island mot vest.

Populasjon[endre | endre wikiteksten]

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Great Barrier Island har ein permanent busetnad på vel 800, for det meste i busetnader langs kysten, så som Tryphena, som er den største og som ligg i Tryphena Harbour i sørenden av øya. Andre busetnader er Okupu, Whangaparapara, Port Fitzroy, Claris og Kaitoke. Det er inga sentral elektrisk kraftforsyning på øya, så kvar husstand må ha sin eigen generator.[2]

Innbyggjartalet på øya har gått betydeleg ned dei seinare åra, sjølv om prisane på bustader har stige. Den største auken har vore i Kaitoke, der dei kvite sandstrendene (Kaitoke og Medland's), nærliggjande varme kjelder og den sentrale plasseringa på øya i nærleiken av ei flystripe, har gjeve rom for eit blomstrande fritidssenter. Folketalet på øya stig sterkt i ferietida, sjølv om øya hittil ikkje er blitt noko stort turistmål, på grunn av at ho ligg noko avsides.

Frå slutten av februar 2007 har øya vorte kjend over store delar av verda som opptaksstad for ein realitetsserie på BBC One, Castaway, som vart filma der i tre månadar.

Ei ferje ved Port Fitzroy, ca. 1910.
Passasjer- og bilferja «Island Navigator» frå Auckland brukar om lag fire og ein halv time på turen til og frå øya.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Der er flystriper ved Claris (Great Barrier Aerodrome) og Okiwi. Flyselskapa Great Barrier Airlines og Mountain Air har avgangar frå Auckland International Airport og North Shore Aerodrome. Flytida er om lag 30 minuttar.

To ferjeselskap trafikkerer på Great Barrier Island. Selskapet Fullers driv ei snøggferjerute om sommaren og i langhelger. Fullers si ferje brukar om lag to timar til Tryphena. SeaLink har ferja «Island Navigator», ei passasjer-, bil- og godsferje, som trafikkerer mellom Wynyard Wharf i Auckland City til Tryphena fleire gonger i veka, og til Port Fitzroy ein gong i veka via Tryphena. Ferjetida til denne ruta er om lag fire og ein halv time kvar veg.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Det er tre grunnskular på øya, men ingen vidaregåande, så elevar herfrå må anten reisa bort frå øya for å studera, eller få brevundervising frå New Zealand Correspondence School.

Sjølv om øya administrativt er ein del av Auckland City, har ho visse lettingar i noko av regelverket som styrer daglege aktivitetar og som kan vera føremålstenlege for samfunnet si tenesteyting og arbeid. Dette gjeld òg for dei andre busette øyene i Haurakigolfen.

Til dømes har alle transportverksemder som berre utfører oppdrag på Great Barrier Island, Chatham Islands eller Stewart Island/Rakiura unntak frå lovreguleringar som gjeld føring av loggbok for køyre- og kviletid (men sjåførar kan påleggjast å føra oversikt over køyretider på ein eller annan måte og visa fram denne om det vert kravt).[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Area Unit populations in Auckland City Arkivert 2008-11-21 ved Wayback Machine., folketeljinga 2006, Statistics New Zealand.
  2. 2,0 2,1 2,2 Great Barrier Island Arkivert 2012-05-23 ved Wayback Machine. (frå vevsida til Auckland City Council)
  3. Hundreårsminne for brevduepost (frå vevstaden til New Zealand Post)
  4. The Transport (Driving Hours Logbook Exemption) — Notice 2003 - artikkel i The New Zealand Gazette, torsdag 14. august 2003

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Great Barrier Island

36°10′S 175°23′E / 36.167°S 175.383°E / -36.167; 175.383