Great Bernera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Great Bernera
Lokalt namn: Beàrnaraigh Mor
Geografi
Great Bernera is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°12′ N 6°51′ WKoordinatar: 58°12′ N 6°51′ W
Øygruppe Ytre Hebridane
Areal 21,22 km²
Høgaste punkt 87 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane
Største busetnad Breaclete
Demografi
Folketal 233 (2001)
Folketettleik 11,0 /km²

Great Bernera (skotsk-gælisk Beàrnaraigh Mòr), ofte berre kalla Bernera (skotsk-gælisk Bearnaraigh, av norrønt Bjarnarey eller Bjarnarey Mikla) er ei øy i Ytre Hebridane i Skottland. Med eit areal på litt over 21 km², er ho den 34. største øya i Skottland.[1]

Great Bernera ligg i Loch Roag nordvest for Lewis og har brusamband til Lewis. Brua vart bygt i 1953 og var den første kabelbetongbrua i Europa.[1][2] Den største landsbyen på øya er Breaclete (gælisk Breacleit, av norrønt Breidaklettr).

Øya var staden for handlinga i romanen A Princess of Thule (1873) av William Black, men då med namnet Borva.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tursachan eller Callanish VIII, eit megalittisk monument ved brua på Great Bernera.

Namnet på øya har norrønt opphav, «Bjarnar-øy»[1], som så mange andre namn i området.

Callanish VIII er ein unik ståande stein nær brua mellom Lewis og Bernera, lagt ut i ein halvsirkel. Lokalt vert han kalla Tursachan, som tyder «ståande steinar».[3] Ruinane av Dun Barraglom ligg i nærleiken.[4]

Bostadh[endre | endre wikiteksten]

Bernera er òg kjend for busetnaden Bostadh frå jernalderen. Denne vart oppdaga i 1992 og er i dag dekt med sand for å bevarast. Ein kopi av huset frå jernalderen står like ved.

Bernera-opprøret fann stad i 1872 då leiglendingane motsette seg Highland clearances. Øyeigaren ville drive bort leiglendingane for å nytte øya til sauehald, men leiglendingane nekta.

Tobson

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya er om lag 8 km lang frå nordvest til søraust og 3 km brei. Kysten er forriven og det er mange små vatn på øya, som Loch Barabhat, Loch Breacleit og Loch Niosabhat. Det høgaste punktet ligg 87 meter over havet. Det finst muskovitt og naturleg asbest på øya.

Vestssida av øya er i lag med South Lewis, Harris og North Uist ein del av eit National Scenic Area (nasjonalt naturskjønt område).[5]

Omliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

Det er mange øyar i Loch Roag. I vest, frå nord til sør, finn ein Pabaigh Mòr, Vacsay (Bhacsaigh), Fuaigh Mòr (Vuia Mòr) og Fuaigh Beag (Vuia Beg). I nord ligg Bearnaraigh Beag (Little Bernera) og fleire holmar. I aust er det ikkje så mange øyar utanom Eilean Chearstaidh (Eilean Kerstay) i søraust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1-84195-454-3.
  2. «Brua». http://www.cne-siar.gov.uk/eriskay/bernera.htm. Henta 26. februar 2010. 
  3. «Great Bernera, 'Tursachan', Barraglom». RCAHMS. http://www.rcahms.gov.uk/pls/portal/newcanmore.details_gis?inumlink=4112. Henta 26. februar 2010. 
  4. "Get-a-map". Ordnance Survey.
  5. «South Lewis, Harris og North Uist» (pdf). SNH. http://www.snh.org.uk/pdfs/publications/Skottlandsscenicareas/Part2WesternIsles2.pdf. Henta 26. februar 2010.