Great Ganilly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Great Ganilly.
Foto: Richard Knights, 2004

Great Ganilly (kornisk Guen Hily, tyder «Saltvassbakkane») er ei øy i Scillyøyane. Ho har fine strender, og kan vitjast av turistar.

Great Ganilly er ei av dei små austre øyane (Eastern Isles), og er i dag ikkje folkesett. På Nornour, som er forbunden med øya ved lågvatn, er det derimot funne spor etter busetting frå første hundreåret. Nornour ligg like nord for Great Ganilly. Nordaust ligg Irishman's Ledge og Shag Rocks og søraust ligg Little og Great Innisvouls.

Vest for Great Ganilly ligg Ragged Island, Great og Little Arthur og Little Ganilly.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • The Rough Guide to Devon and Cornwall About this publication, 2007  (via KnowUK)
  • Ordnance Survey Map for Land's End & Isles of Scilly
  • Delar av denne artikkelen bygger på «Great Ganilly» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2010.

Koordinatar: 49°57′06″N 6°15′24″W