Great Ouse
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Great Ouse | |
| elv | |
|
Great Ouse etter Brownshill Staunch, nær Over.
|
|
| Land | |
|---|---|
| Distrikt | Northamptonshire, Buckinghamshire, Bedfordshire, Cambridgeshire, Norfolk |
| Kjelde | |
| - stad | Wappenham, Northamptonshire, England |
| - høgd | 150 moh |
| - koordinatar | |
| Lengd | 230 km |
| Nedslagsfelt | 3 400 km² |
Great Ouse er ei elv i East Anglia i England. Ho er 240 km lang og dermed den lengste vassvegen i East Anglia og den femte lengste elva i Storbritannia. Den nedre delen av elva er kjent som Old West River og Ely Ouse.
Elva har fleire kjelder nær landsbyane Syresham og Sulgrave i Northamptonshire. Ho renn gjennom Brackley, Buckingham, Milton Keynes i Stony Stratford, Newport Pagnell og Olney, Bedford, St. Neots, Godmanchester, Huntingdon, St. Ives, Ely, Littleport og Downham Market før ho munnar ut i The Wash ved King's Lynn.
Elvane som renn inn i Great Ouse er, lista ovanfrå og nedover elva:
- Padbury Brook
- Lovat
- Odell Rill
- Ravensden Brook
- Elstow Brook
- Gadsey Brook
- Kym
- Hen Brook
- Duloe Brook
- Begwary Brook
- Ivel
- Cam
- Lark
- Little Ouse
- Wissey
- Old Bedford River
- New Bedford River
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Great Ouse» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juli 2011.