Greendale
| Greendale Studioalbum av Neil Young |
||
| Utgjeve | 19. august 2003 | |
| Innspelt | 11. juli til 19. september 2002 | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 78:18 | |
| Selskap | Warner Bros. Records | |
| Produsent | Neil Young, L.A. Johnson | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Neil Young-kronologi | ||
| Are You Passionate? (2002) |
Greendale | Prairie Wind (2005) |
Greendale er eit album, ein film og ei grafisk novelle av Neil Young. Neil Young og Crazy Horse sin Greendale er ein 10 song lang rockeopera som er sett til ein fiktiv kystby i California. Han er basert på soga om familien Green og «lydnovella» har vorte samalikina med klassikaren til Thornton Wilder, Our Town og Sherwood Anderson sin Winesburg, Ohio.
Greendale omhandlar tema som korrupsjon, miljøvern, korleis massemedia samla seg etter 9/11. Albumet, konserten, filmen og DVDane skapte stort sprik hos kritikarane, som kalla det alt frå «amatørmessig» til at albumet vart kåra til eit av dei beste i 2003 av musikkritikarane i Rolling Stone.
CDen vart opphavleg gjeven ut med ein DVD av ein akustisk solokonsert av dei same songane frå Vicar Street i Dublin i Irland. I 2004 vart CDen gjevenn ut med ein ny DVD som inneheldt konsertopptak av Neil Young og Crazy Horse. Ein DVD-Audio-versjon vart òg gjeven ut med både Advanced Resolution Stereo og 5.1 kringlyd-miksar, samt ein video av «Devil's Sidewalk» frå filmen. Seint i 2004 kom ein film med skodespelarar som mimer til songane.
Så langt, i 2010, er dette det siste Neil Young-albumet med Crazy Horse.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Neil Young.
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Falling From Above» | 7:27 |
| 2. | «Double E» | 5:18 |
| 3. | «Devil's Sidewalk» | 5:18 |
| 4. | «Leave the Driving» | 7:14 |
| 5. | «Carmichael» | 10:20 |
| 6. | «Bandit» | 5:13 |
| 7. | «Grandpa's Interview» | 12:57 |
| 8. | «Bringin' Down Dinner» | 3:16 |
| 9. | «Sun Green» | 12:03 |
| 10. | «Be the Rain» | 9:13 |
Medverkande [endre]
- Neil Young: gitar, orgel, munnspel, vokal
- Ralph Molina: trommer, vokal
- Billy Talbot: bass, vokal
- The Mountainettes:
- Pegi Young: vokal
- Nancy Hall: vokal
- Twink Brewer: vokal
- Sue Hall: vokal
Sjølv om Frank Sampedro var eit aktivt medlem av Crazy Horse, gjekk han med på at han ikkje spelte på albumet, sidan Neil Young følte at songane berre trengde ein gitar. Sampedro vart deriomt med på den påfølgjande turneen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Greendale (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2010.