Greenlee Lough

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Greenlee Lough
innsjø
Land  Storbritannia
Område Northumberland
Fylke Northumberland
Innsjøtype mesotrofisk
Areal 0,6 km²
Koordinatar 55°01′N 2°21′W / 55.017°N 2.350°W / 55.017; -2.350 (Greenlee Lough)
Kart
Greenlee Lough
55°01′01″N 2°21′00″W / 55.017°N 2.35°W / 55.017; -2.35
Wikimedia Commons: Greenlee Lough

Greenlee Lough er ein innsjø og eit nasjonalt naturreservat 5 km nord for Bardon Mill i Northumberland, nord i England. Greenlee er ein bresjø, og den største naturlege innsjøen i Northumberland.[1]

Insjøen er eigd og forvalta som eit naturreservat av Northumberland Wildlife Trust og Northumberland nasjonalpark. Det er ein grunn innsjø med mykje vassplanter rundt. Det meste av reservatet er ope vatn. Innsjøen vart nytta som eit reservoar av romarane ved Hadrianmuren.

Tidlegare heldt Greenlee Sailing Club til ved innsjøen, men dei flytta i 1970-åra til Derwent-reservoaret nær Hexham.

Plantar og dyr[endre | endre wikiteksten]

Langs breidda av innsjøen er det sivkratt, urter og myr. Her finst mykje fuglevilt, mellom anna vadefugl som finn mat i det grunne vatnet og våtmarksområdet. Trekkfugl som songsvane, grågås og krikkand vitjar sjøen om vinteren.[1]

Ved vatnet finst også oterar. Dei lever på å fanga fiskar som gjedde, mort, åbor og ål.[1] Ein kvitkloa kreps, Austropotamobius pallipes, finst i innsjøen. Han er den einaste krepsearten som finst naturleg på Dei britiske øyane. Arten er i tilbakegang i Europa og Storbritannia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Greenlee Lough. Informasjonshefte (PDF)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Greenlee Lough