Greenwich-halvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Greenwich-halvøya sett frå 1 Canada Square med O2-hallen i midten

Greenwich-halvøya er eit område i South London i England, i London Borough of Greenwich.

Halvøya grenser på tre sider til ein sving i Themsen mellom Isle of Dogs og Silvertown. I sør ligg resten av Greenwich, i søraust Charlton.

Halvøya ligg i London Borough of Greenwich. Tidlegare vart ho kalla Greenwich Marshes og Bugsby's Marshes. Området vart kjend som East Greenwich då det vart utvikla på 1800-talet, men har òg vorte kalla North Greenwich på grunn av North Greenwich undergrunnsstasjon. Dette må ikkje forvekslast med North Greenwich på Isle of Dogs. Det nordlegaste punktet på halvøya heiter Blackwall Point og dette har ført til namnet Blackwall Peninsula.

The O2 og tidlegare Millennium Dome ligg på halvøya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]