Grefsen kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grefsen kyrkje
kyrkje
Foto: Hans A. Rosbach
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Vestre Aker
Sokn Grefsen
Fellesråd Oslo
Type Langkyrkje
Arkitekt Georg Greve
Teknikk Mur
Material Teglstein
Innvigd 3. mars 1940
Klokker O. Olsen & Søn
Kyrkjegard Mellom kyrkja og kapellet
Preikestol R. Tønsaker
Altartavle Nonfigurativ glasmosaikk av Oddmund Kristiansen
Sitjeplassar 600
Diverse Glasmåleri av Bernhard Greve (arkitektens bror) i veggen mellom våpenhuset og kyrkjesalen. Maleriet «Den niende time» av Olav Foss ved sidealtar.
Kart
Grefsen kyrkje
59°57′15″N 10°46′45″E / 59.95422111°N 10.77926694°E / 59.95422111; 10.77926694
Wikimedia Commons: Grefsen kirke

Grefsen kyrkje er ei langkyrkje i Oslo kommune som vart innvigd rett før krigen, den 3. mars 1940. Den funkisprega kyrkja er oppført i teglstein som er slemma og kalkmalt utvendig.

Innvendig sett mot altaret i Grefsen kyrkje
Foto: Hans A. Rosbach

Mykje av interiøret stammar frå tida då kyrkja blei oppført. Mellom våpenhuset og kyrkjerommet er det ein glasveg med stjerneforma glasmåleri. Dei er utforma av Bernhard Greve og viser scener frå Det gamle testamentet. I 1967-68 blei koret noko endra av arkitekt Rolf Tønsager, og ein fekk ny preikestol og altar. Det blei også sett inn eit abstrakt glasmåleri av Oddmund Kristiansen i dalleglas og betong.

Kyrkjegarden på naboeigedomen vart teken i bruk før kyrkja vart oppført. Dette er ein av dei største kyrkjegardane i Oslo, og det står eit gravkapell frå 1904, teikna av Harald Bødtker, heilt i vest. 64 tyske krigsgraver vart flytta herfrå til Alfaset gravlund i 1953.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

  • Kirkebøe, M.C. (2007). Knut Arve Tvedt og Øyvind Reisegg, red. Oslos kirker i gammel og ny tid (2 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 70-71. ISBN 978-82-573-1946-5. 
  • Tvedt, Knut Are, red. (2010). Oslo byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 208. ISBN 978-82-573-1760-7. 
  • Øverland, Olava (1995). Våre altertavler. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 176-177. ISBN 82-521-45000-0 Check |isbn= value: length (hjelp). 
Spire Denne kyrkjeartikkelen som har med Oslo å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.