Grefsen stasjon

Koordinatar: 59°56′29″N 10°46′47″E / 59.94139°N 10.77972°E / 59.94139; 10.77972
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°56′29″N 10°46′47″E / 59.94139°N 10.77972°E / 59.94139; 10.77972

Grefsen stasjon med plattforma og jarnbanesporet framfor. Spora med dei gule straumskjenene i framgrunnen høyrer til T-banen i Oslo og har soleis ikkje med jarnbanen å gjere. Fotografi frå 2008.
Oversyn over området, med Gjøvikbanen og Grefsen stasjon til venstre på fotografiet, Storo tunnelbanestasjon og det eine tunnelbanesporet (med gul straumskjene) til høgre.
Eit tog av typen 69 har komen til Grefsen frå Jaren.
Foto: Tore Sætre

Grefsen stasjon er ein jarnbanestasjon på Gjøvikbanen på Storo i Oslo. Arkitekt for stasjonsbygningen var Paul Due (1835-1919), som i åra 1891–1910 arbeida som jernbanearkitekt for Noregs statsbaner og har teikna ein lang rad stasjonsbygningar.

Grefsen stasjon ligg 6,82 kilometer frå Oslo Sentralstasjon og i ei høgd av 109,2 meter over havet, og vart teke i bruk i 1900, det vil seie to år før heile Gjøvikbanen vart bygd ferdig. Mellom anna var ikkje strekninga mellom Grefsen stasjon og Kristiania (Oslo) Ø ferdig då Grefsen stasjon vart opna, slik at stasjonen fungerte som mellombels endestasjon for den ferdigbygde strekninga av Gjøvikbanen i desse åra.

Frå Grefsen stasjon går det ut ein einspora elektrisk jarnbane for godstog, Alnabanen, som knyter Gjøvikbanen til godstogstasjonen Alnabruterminalen på Alnabru i Oslo. Denne linja vert mellom anna nytta av godstog på Bergensbanen, som nyttar Gjøvikbanen og Roa-Hønefosslinja på strekninga mellom Oslo og Bergen. Grefsen stasjon har elles vore ein viktig godsstasjon i tidlegare tider, med fleire sidespor til dei mange industriverksemdene som låg i området, men som no er nedlagde eller flytta og erstatta med bustads- og kontorblokker.

Næraste granne til Grefsen jernbanestasjon er Storo stasjon på Ringen line i tunnelbanenettet i Oslo, men det er likevel ein etter måten lang og kronglete veg å gå mellom dei to stasjonane for dei som skal skifte frå den eine banen til den andre. Difor har det vore lansert planar om å byggje om jernbanestasjonen for å løyse dette problemet. Frå jernbanestasjonen går det elles eit sidespor over til tunnelbanesporet, slik at vedlikehaldsmaskiner og anna materiell kan køyrast over frå jarnbanen til tunnelbanen. Men persontoga på jarnbanen kan ikkje nyttast på tunnelbanen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]