Gregor Gysi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gregor Gysi

Gregor Gysi er ein tysk sosialistisk politikar, fødd 16. januar 1948 i Berlin. Han var frå 1989 til 1993 leiar i PDS, og i 2002 var han senator i delstaten Berlin.

Gysi var ferdig utdanna jurist i 1970, og forsvarte som sjølvstendig advokat blant anna fleire kjende systemkritikarar som var tiltalte av DDR-regimet.

Gregor Gysi vaks opp i ein kommunistisk funksjonærfamilie. Gregor Gysis far, Klaus Gysi, var forleggjar og blei ambassadør og kulturminister i DDR. Mor hans, Irene (f. Lessing), var syster til den austtyske juristen og diplomaten Gottfried Lessing som i perioden 1944-1949 var gift med den britiske forfattaren Doris Lessing. Ho er dermed Gregor Gysis tante via inngifte. Skodespelerinna Gabriele Gysi er syster til Gregor Gysi. Gysi har vore gift to gongar og har tre born.

Frå 1967 var Gysi medlem i SED, Sozialistische Einheitspartei Deutschlands, det austtyske kommunistpartiet. I 1989 kom han fram for offentlegheita som ein av leiarane for reformrørsla i DDR. 9. desember 1989 vart han vald til leiar av SED, der dei reformvennlege no hadde fleirtal. SED vart året etter omdøypt til PDS, Partei des Demokratischen Sozialismus, under leiing av Gysi.

Frå mars til oktober 1990 var Gysi representant i det første fritt valde austtyske parlamentet, deretter frå oktober 1990 til februar 2002 representant i det alltyske parlamentet, Forbundsdagen. Frå 2001 til 2002 var han medlem i delstatsforsamlinga i Berlin.

I 2004 var Gysi mykje sjuk, og hadde fleire sjukehusopphald.

Framfor parlamentsvalet i 2005 stilte Gysi likevel opp på ny som førstekandidat for PDS, i valkretsen Treptow-Köpenick i Berlin. Gysi gjekk òg sterkt inn for eit venstreforbund av PDS og WASG, saman med den tidlegare SPD-leiaren Oskar Lafontaine. I samanheng med at dette vart gjennomført, vart namnet på partiet endra til Die Linke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gregor Gysi