Gregormesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gregor den store i ein statuett frå om lag 1480 (Bode-Museum, Berlin)

Gregorsmesse den 12. mars er ein merkedag som opphavleg vart feira til minne om pave Gregor den store, rekna som den viktigaste paven i det første tusenåret etter Kristi fødsel. Dagen vert òg kalla Greismess, nokre stader forvanska til groårsmesse, sidan det på denne tida av året vart meir gror i sjøen, og graset kunne begynne å gro under snøen.

Mange stader er gregorsmesse knytt til heimkomst av trekkfuglar, slik som tjelden som er vantande til Nordland omkring gregorsmess. Mange primstavar har ein fugl som primstavmerke, andre ei bok, ofte mistolka som åkerteigar. Primstavmerket har opphav i at pave Gregor den store ofte vert avbilda med ei bok og ein fjørpenn og ei duve på skuldra.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]