Greifswald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Greifswald
Greifswald Luftbild.JPG
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Greifswald
Greifswald is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Mecklenburg-Vorpommern
Ingen
Kreisfri by
Først nemnd i 1248
Geografi
Flatevidd
 - By

50,50 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

53 059
  1 051/km²
Koordinatar 54°5′0″N 13°23′0″EKoordinatar: 54°5′0″N 13°23′0″E
Høgd over havet 5 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 17489-17493
Telefon-retningsnummer 03834
Bilnummer HGW
Heimeside: www.greifswald.de
Rathaus

Greifswald er ein by nordaust i Tyskland i delstaten Mecklenburg-Vorpommern med om lag 55 000 innbyggjarar. Byen ligg Pommern ved Austersjøen og ei lita elv.

Byen er offisielt kjend som Universitäts- und Hansestadt Greifswald, som tyder Universitets- og hansabyen av Greifswald.

Forfattaren Hans Fallada (1893-1947) blei fødd i Greifswald.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Greifswald ligg ved sørkysten av Austersjøen mellom øyane Rügen og Usedom, nordaust i Tyskland.

Den litle elva Ryck renn gjennom gamlebyen, som ligg om lag 3 km frå Austersjøen, og munnar ut i Greifswalder Bodden. Øyane Koos og Riems, som ligg i nærleiken, vert òg rekna som ein del av byen. Området rundt Greifswald er relativt lågt og flatt, og det høgaste punktet er berre 36 meter høgt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første innbyggjarane her var danske cistersianarmunkar, som grunnla klosteret Eldena her i 1199. Handelen med salt gjorde at klosteret voks til eit stort religiøst senter. Dei tidlegaste kjende skriftlege kjeldene om Greifswald er frå 1248. Med ein jamn auke i folketalet vart Greifswald ein av dei første medlemmane av Hansaen på slutten av 1200-talet, som auka handelen og rikdomen i byen.

I 1456 grunnla borgarmeisteren Heinrich Rubenow det nest eldste universitetet i Nord-Europa og eit av dei eldste i Tyskland. I periodar var universitetet det eldste i Sverige og Preussen.

Som følgje av trettiårskrigen vart Greifswald ein del av Sverige i 1631 og fram til 1815, då han vart ein del av Preussen.

Byen overlevde den andre verdskrigen utan dei store øydeleggingane, sjølv om han husa ein større garnison. I april 1945 overgav oberst Rudolf Petershagen seg til Den raude arméen utan kamp. Som ein del av Aust-Tyskland mista byen nesten halvparten av dei historiske bygningane i byen sidan dei ikkje vart restaurert og øydelagd. Etter gjenforeininga av Tyskland vart store delar av byen renovert, og den historiske markedsplassen vert av mange rekna som ein av dei vakraste i Nord-Tyskland. Byen trekkjer til seg mange turistar.

Det største atomkraftverket i det tidlegare Aust-Tyskland låg ved Lubmin, nær Greifswald. Det hadde fire reaktorarar og hadde oppstart i 1974. Kraftverket vart stengd etter gjenforeininga av Tyskland, særleg med tanke på ei nesteulykke 24. november 1989. Kraftverket gav jobb til 9 000 tilsette, og då det var stengd gjorde det stort utslag i Greifswald, som fekk problem med arbeidsløyse.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Greifswald

Kjelder[endre | endre wikiteksten]