Greifswalder Bodden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart som viser Greifswalder Bodden

Greifswalder Bodden (polsk: Zatoka Greifswaldzka) er ei bukt sørvest i Austersjøen ved kysten av Tyskland i delstaten Mecklenburg-Vorpommern. Bukta har eit areal på 514 km².

Flachlandschaft am Greifswalder Bodden (Flatt landskap ved Greifswalder Bodden), Caspar David Friedrich, rundt 1830-1834

I vest ligg øya Rügen, i søraust øya Usedom, i aust ligg Pommersche Bucht og i sør det tyske fastlandet. Bukta er forbunde til Austersjøen via Strelasund, eit smalt sund mellom fastlandet og Rügen. Den nordlege enden av bukta vert stundom kalla Rügischer Bodden.

Bukta har ei nokså ujamn kystlinje, og har fleire viker og småbukter i bukta. Neset Mönchgut (aust på Rügen) og Zudar (sør på Rügen) – sistnemnde består eigentleg av fleire halvøyar - deler bukta inn i mindre bukter. Den største byen ved bukta er Greifswald.

Greifswalder Bodden er grunn og har eit middeldjup på berre 5,6 meter og eit maksimalt djup på 13,5 meter. Ho består av brakkvatn på grunn av tilførsel på ferskvatn frå elvar, og den komplekse hydrografien i Austersjøen, der ein vanlegvis finn saltare vatn på større djup.

Før gjenforeininga av Tyskland i 1990 var Greifswalder Bodden ein offentleg stad for vassport, i motsetnad til det meste av den austtyske kysten av Austersjøen. Den lokale geografien gjorde at ein lett kunne halde vakt over bukta og dermed hindre dei som prøvde å flykte frå landet. Staden som ligg nærast bukta utanfor Warszawapakta er den danske øya Bornholm, meir enn 100 km borte.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 54°13′22″N 13°32′48″E