Grenland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kommunane i Grenland.
Kommunane i Vestmar, som oftast vert rekna til Grenland.
Grenlandsbrua, over Breviksstraumen, sundet mellom Brevik og Stathelle.
Skagerak Arena i Skien, heimebanen til Odd Grenland.

Grenland er eit område som omfattar ein del av kommunane i Nedre Telemark, det som frå 1662 var Nedre Tellemarkens og Bamble fogderi i Bratsberg amt. Bratsberg amt skifte 1. januar 1919 namn til Telemark fylke. Det er allmenn semje om at desse fire kommunane ligg i Grenland (jamfør nummera på kartet til høgre):

Store norske leksikon[1] reknar òg 9. Nome til Grenland. Andre (jamfør dansk Wikipedia[2]), reknar – truleg meir presist – berre dei delane av Nome kommune som før 1. januar 1964 utgjorde kommunen Holla, som ein del av Grenland. Atter andre reknar òg 6. Kragerø og 3. Drangedal til Grenland – jamfør Wikipedia på bokmål[3]. I samband med Grenlandssamarbeidet[4] omfattar Grenland desse seks kommunane:

Namnet Grenland[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var Grenland truleg namnet på stroka kring Norsjø i Nedre Telemark, men ikkje identisk med Grenafylke, seinare kalla Skíðusýsla eller Skienssyssel, som også omfatta kystbygdene.

Namnet Grenland, på norrønt Grenland og Grœnland, tyder 'landet til grenene'. Grener (norrønt grœnir) er eit gamal folkenamn. På norrønt fanst adjektivet grenskr 'som er frå Grenland', jamfør Haraldr Grenski 'Harald Grenske' (fødd mellom 952 og 957, død 995), far til Heilag-Olav. I dag heiter det helst grenlandsk. Leden gren- finst òg i Grenmarr / Grænmarr, det norrøne namnet på Langesundsfjorden, i motsetnad til Vestmarr "strandi frå Langesundsfjorden til Agder".[5]

Administrative inndelingar[endre | endre wikiteksten]

Språket i Grenland[endre | endre wikiteksten]

Talemål[endre | endre wikiteksten]

Det tradisjonelle norske talemålet i Grenland er grenlandsmålet. Grenlandsmålet blir oftast rekna som ei undergruppe av dei vikværske dialektane (dialektane i Vika), som er søraustlandske, men står likevel på grensa mellom austnorske og vestnorske dialektar.

Opplæringsspråk[endre | endre wikiteksten]

Opplæringsspråka i Drangedal og Nome er nynorsk og bokmål, i dei andre kommunane berre bokmål.

Institusjonar som nyttar namnet Grenland[endre | endre wikiteksten]

Som listene nedanfor viser, er namnet Grenland populært i namn på institusjonar og rørsler av alle slag.

  • Næringsliv
  • Advokatfirmaet Grenland AS.[6]
  • Bilmateriell Grenland as.[7]
  • Gaspro Grenland, konverteringssenteret i Telemark for propan til bilar.[8]
  • Grenland Auto.[9]
  • Grenland Bilservice AS.[10]
  • Grenland Båtsenter AS.[11]
  • Grenland Data.[12]
  • Grenland Dyrepensjonat.[13]
  • Grenland Group, entreprenørselskap.[14]
  • Grenland Havn.[15]
  • Grenland Næringspark.[16]
  • Grenland Rail.[17]
  • Grenland Skisenter.[18]
  • Grenland Stein og Sølv AS.[19]
  • Grenland Taxi AS.[20]
  • Grenland Web AS.[21]
  • IKT Grenland.[22]
  • IndustriClusteret Grenland.[23]
  • Miljøbil Grenland AS.[24]
  • Naturgass Grenland.[25]
  • Radio Grenland.[26]
  • Renovasjon i Grenland.[27]
  • Vekst i Grenland, næringsutviklingsselskap.[28]



Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.snl.no/
  2. http://da.wikipedia.org/wiki/Grenland
  3. http://no.wikipedia.org/wiki/Grenland
  4. http://www.grenlandssamarbeidet.no/
  5. Leiv Heggstad 1963. Gamalnorsk ordbok med nynorsk tyding. Oslo: Det Norske Samlaget.
  6. http://www.grenlandsadvokatene.no/front.asp?Page=1
  7. http://www.bilmateriell-grenland.no/
  8. http://www.gaspro-grenland.net/
  9. http://www.grenland-auto.no/audi/wip4/main.epl?f=700
  10. http://www.grenland-bilservice.no/skoda/wip4/?f=707
  11. http://www.grenlandbaat.no/
  12. http://www.gda.no/
  13. http://www.grenland-dyrepensjonat.no/
  14. http://www.grenlandgroup.com/
  15. http://www.grenland-havn.no/
  16. http://www.grenland.as/Naeringspark/
  17. http://www.grenlandrail.no/
  18. http://www.grenlandskisenter.no/
  19. http://www.grenstho.no/
  20. http://www.grenlandtaxi.no/
  21. http://grenlandweb.no/
  22. http://www.iktgrenland.no/
  23. http://www.icg.no/
  24. http://www.miljobil.no/
  25. http://www.naturgassgrenland.no/ezp/index.php
  26. http://www.radiogrenland.no/
  27. http://www.rig.no/
  28. http://www.vig.no/