Grensevilkår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grensevilkår er i teoretisk fysikk den verdien ein funksjon må ha ved grensa av eit område der funksjonen varierer, for at han i dette området skal svare til ein avgjort fysisk situasjon. Som døme på grensevilkår kan nemnast at eit elektrisk potensial skal nærme seg null i det uendeleg fjerne, at det skal ha ein avgjort, gjeven verdi på overflata av ein leiar, at den elektriske feltvektor alltid står vinkelrett på overflata av ein leiar osv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]