Greplyng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Greplyng
Greplyng
Greplyng
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lyngfamilien Ericaceae
Underfamilie: Ericoideae
Stamme: Phyllodoceae
Slekt: Greplyngslekta Kalmia
Art: Greplyng K. procumbens
Vitskapleg namn
Kalmia procumbens

Greplyng (Kalmia procumbens) er ei plante i lyngfamilien. Arten er den einaste i si slekt og har ei sirkumpolar utbreiingden nordlege halvkula.

Nærbilde av greplyngblom.
Foto: Øystein H. Brekke

Greplyngen veks på turre rabbar til fjells og er tilpassa desse stadane med sin krypande veksemåte i flate tuer. Han vert berre om lag 2 cm høg. Blada er motsette, stive og harde med nedbøygd kant, og kvite på undersida. Blomsterskaft og begerblad er mørkraude, kronblada lysraude.

Greplyngen finst vanleg i alle fjellområde i Noreg. I Jotunheimen er han funnen opp til 1920 m. Greplyngen blømer kring juli i høge fjell, tidlegare i lågare fjell.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Greplyng