Gresk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gresk geografi
{{{land}}}
Kontinent Europa
Region Sør-Europa
Koordinatar 39°00′N 22°00′EKoordinatar: 39°00′N 22°00′E
Areal Rangering 96
309 050 km²
42,3% land
58,7% vatn
Kystlinje 15 021 km
Grenser Landegrenser:
1 935 km
Høgaste punkt Ólymbos
2 919 m
Lågaste punkt Middelhavet
0 m
Lengste elv Aliákmonas
322 km
Største innsjø Trikhonídasjøen
98,6 km²

Hellas er eit land søraust i Europa på den sørlege delen av Balkanhalvøya. Hellas er omringa av Bulgaria, Republikken Makedonia og Albania i nord, Det joniske havet i vest, Middelhavet i sør og Egearhavet og Tyrkia i aust. Landet strekkjer seg om lag frå 35°00′N to 42°00′N og frå 19°00′E to 28°30′E, og dette gjer at landet har nokså variert klima.

Landet består av det greske fastlandet og rundt 3000 øyar, inkludert Kreta, Dodekanesane med Ródos, Kykladane og Dei joniske øyane med Kérkyra (Korfu). På fastlandet finn ein halvøya Peloponnes som er forbunde til resten av Hellas via Korinteidet.

Hellas har ei kystlinje på 15 000 km. 80 % av Hellas er fjellkledd og landet er av dei mest kuperte landa i Europa. Dei vestlege områda av Hellas består av innsjøar og våtmarksområde. Píndosfjella ligg sentralt i landet med ei snitthøgd på 2 650 moh. Dei held fram som øyane Kýthira, Andikýthira og til slutt øyane Kreta og Ródos. Øyane i Egearhavet er toppar av undervassfjell som geologisk høyrer til Píndos.

Det sentrale og vestlege Hellas består av høge og bratte fjelltoppar med mange dalar i mellom og karstiske landskap, inkludert Metéora- og Víkosravinen. Sistnemnde er ei av dei største verda og den nest djupaste etter Grand Canyon i USA med ein høgdeskilnad på meir enn 1 100 meter. Ólymbos er det høgaste punktet i Hellas, og det fjerde høgaste fjellet i Europa sett ut frå primærfaktor, med ei høgd på 2 919 moh. Rodopifjella dannar grensa mellom Hellas og Bulgaria og dette området er dekt av store og djupe skogar. Sletter finn ein aust i Thessalía i sentrale delar av Makedonia og i Thráki.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Hellas

Det er ikkje så enkelt å skildre klimaet i eit land som har 2000 øyer, høge fjelltoppar og luftmassar som kjem frå både subtropiske og polare strøk. Middelhavet styrer likevel det meste av klimaet og gjev store delar av landet middelhavsklima med den våtaste tida på året om vinteren. Somrane er så godt som heilt tørre, og størst sjans for regnbyger har ein lengst nord, men sjølv Thessaloníki får berre nokre få våte dagar kvar månad. Temperaturen i låglandet vert ofte svært høg (30-35 °C), og nattetemperaturen i Aten går normalt ikkje under 22 °C i juli og august. Hellas sine varmaste område er det indre låglandet i Peloponnes og Thessalía. I kystområda vert som regel varmen dempa av ein lett sjøbris, og mange område får ein vedvarande nordleg vind kalla etesian. Som dei fleste andre stader i verda minkar temperaturen med høgda, men i Hellas kanskje meir enn andre stader. På ein varm ettermiddag kan temperaturen faktisk søkke med så mykje som 8 °C per 1000 m.

Nedbøren tar seg litt opp på hausten, og ein kan få enkelte torebyger. Sjølv midtvinters har ein likevel lengre periodar med sol, kalla «dei lykkelege dagane». Mest nedbør får vestsida av Píndos- og Peloponnesfjella, ofte i form av snø. På grunn av alle fjellområda og alle øyane har kaldlufta frå nord problem med å trenge langt sør. Det betyr at kystbyane i nord er mykje kaldare enn Aten og dei sørlege områda om vinteren. Kraftig kulde er sjeldan, men eit par gonger om vinteren kan snøbyene gå så langt sør som til Peloponnes, og ein har ofte frost i enkelte dalstrøk. Om våren minkar nedbøren igjen, men i Thessaloníki byrjar den tørre perioden først i juni.

Aten har ein årleg nedbørsnormal på 402 mm, medan Thessaloníki i nord har 470 mm. Aten har derimot berre normalt 27 mm frå juni og ut august.

Dyre- og planteliv[endre | endre wikiteksten]

50 % av Hellas er dekt av skog med ein variert vegetasjon som strekkjer seg frå alpine bartre til middelhavsvegetasjon.

Selar, havskjelpadder og andre sjeldne sjødyr held til i områda rundt Hellas, medan ein i dei greske skogane kan finne brunbjørn, gaupe, ulv, rådyr, villgeit, rev og villsvin, i tillegg til mange andre.

Detaljar[endre | endre wikiteksten]

Topografisk kart av Hellas

Areal[endre | endre wikiteksten]

Totalt:
309 050 km²
Land:
Fastlandet og øyane utgjer 130 860 km²
Vatn:
1. Elvar og innsjøar: 1 140 km²
2. Sjø: 177 050 km²

Grenser[endre | endre wikiteksten]

Regionskart over Hellas som viser Egearhavet og øygruppene.

Land:
1 935 km
Grenseland:
Albania 282 km, Bulgaria 494 km, Tyrkia 931 km (206 km langs elva Évros (Maritsa) nordaust i Hellas og 725 km i Egearhavet frå Thráki til Ródos), Republikken Makedonia 228 km

Kystlinje: 15 021 km

Maritime krav:[endre | endre wikiteksten]

Kontinentalsokkel:
Til djup på 200 meter eller til djup som kan utnyttast.
Territorialfarvatn: 12 nautiske mil

Naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Bauksitt, brunkol, magnesitt, petroleum, marmor, sink, nikkel, bly, vasskraft, kveite, frukt og grønsaker, tobakk, oliven, salt, sukkerroer, druer, bomull og buskap

Arealbruk og miljø[endre | endre wikiteksten]

Dyrkbar mark: 19%
Permanente avlingar: 8%
Skogar: 50%
Anna: 23% (1993 est.)

Irrigert land: 13 140 km² (1993 est.)

Farar i naturen: Kraftige jordskjelv, tørke, skogbrann

Miljøproblem: Luft- og vassforureining

Miljøvern - internasjonale avtalar:
Delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining, Antarktis miljøvernsprotokoll, Antarktisavtalen, biologisk mangfald, klimaendringar, ørkenspreiing, utryddingstura dyreartar, miljømodifisering, miljøfarleg avfall, havrett, marine dumping, forbod mot atomprøvesprengingar, vern av ozonlaget, skipsforureining, tropisk tømmer, våtmarksområde.
signert, men ikkje ratifisert: Luftforureining ved vedvarande og flyktige organiske stoff, Kyotoavtalen

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]