Grete Berget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grete Berget (2009)

Grete Anni Berget (fødd 25. mars 1954 på Vinstra) er ein norsk journalist og politikar frå Arbeidarpartiet.

Ho har studerte pedagogikk (1976–1977) og samfunnspolitikk og offentleg administrasjon (1981–1982) ved Oppland distriktshøgskole, og journalistikk ved Norsk journalistikkhøgskole (1984–1985). Berget har arbeidd som lærar i barne- og ungdomsskulen, i tillegg til at ho har vore journalist i avisa Dagningen, NRK Oppland og politikkavdelinga i Arbeiderbladet. Frå 1982 til 1984 var ho redaktør for medlemsavisa til AUF, og frå 1985 til 1987 leiar av AUF.

Grete Berget var informasjonsleiar ved kontoret til statsministeren i 1988–1989 og personleg rådgjevar for Gro Harlem Brundtland i 1989–1990. Ho heldt fram som statsråd og sjef for Barne- og familiedepartementet i regjeringa Brundtland III frå 1991 til 1996. Ho var dessutan informasjonssjef i Arbeidarpartiet frå 1998 til 2001. I 2002 vart ho rådgjevar i Europarørsla, og sidan 2003 har ho vore generalsekretær der. Ho har dessutan sete i styret for Universitetet i Oslo sidan 2006. Berget er busett i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]