Grete Prytz Kittelsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grete Prytz Kittelsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. juni 1917
Vestre Aker
Død

25. september 2010 (93 år)
Oslo

Yrke gullsmed, designar
Språk bokmål, norsk
Far Jacob Prytz
Mor Ingrid Juel
Ektefelle Arne Korsmo, Sverre Loe Kittelsen
Grete Prytz Kittelsen på Commons

Grete Prytz Kittelsen (fødd Adelgunde Margrethe Prytz, fødd 28. juni 1917 i Vestre Aker, død 25. september 2010 i Oslo) var ein norsk gullsmed, formgjevar og kunstnar som er rekna mellom dei fremste i Norden. Ho har vore formgjevar for smykke og sølvgjenstandar for gullsmedfirmaet J. Tostrup, og stod for formgjevinga av ein etter kvart vidgjeten serie av kokekar, fat, bollar og anna utstyr i emaljert stål for fabrikken Cathrineholm i Halden. Saman med mellom andre arkitekten Arne Korsmo, som var hennar fyrste ektemann, var ho med i eit europeisk miljø av modernistiske arkitektar og formgjevarar, og hadde som vener og samarbeidspartnarar Lis og Jørn Utzon, Alvar Aalto og Paolo Venini. I 1964 var ho med på å skipe World Craft Council i New York, og var sentral i leiinga av denne organisasjonen i meir enn tjue år.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Grete Prytz Kittelsen hadde teke examen artium i 1935, og utdanna seg deretter til gullsmed ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole (SHKS) i Oslo, der ho tok diplomeksamen i 1941. Etter eksamen var ho i praksis hjå gullsmedfirmaet J. Tostrup i Oslo, som var eit familiefirma ho var knytt til ved å tilhøyre femte generasjon av denne gullsmedfamilien. I dei to siste åra av den andre verdskrigen flykta ho til Sverige og budde i Stockholm før ho i 1945 vart tilsett hjå Tostrup i Oslo for å vere med på ei fornying av vareutvalet i verksemda. I Stockholm hadde ho gifta seg med Arne Korsmo, som ho hadde vorte kjend med på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole (ekteskapet vart oppløyst i 1960). I Stocholmstida vart dei gode vener med Lis og Jørn Utzon, og desse fire skulle kome til å inspirere kvarandre kunstnerisk på gjensidig vis. Dei var alle eit studieår i USA og på ei lengre reise i Mexico i 1949-50 som stipendiatar, og møtte i USA formgjevarane og arkitektane Frank Lloyd Wright, James Prestini, Ray og Charles Eames, Ludwig Mies van der Rohe og andre. Kontaktane som dei knytte medan dei var i USA gav dei mellom anna høve til å invitere førelesarar til Statens Håndverks- og Kunstindustriskole, til å skipe utstilling om amerikansk formgjeving og til sjølv å take del på internasjonale utstillingar og konferansar der dei kunne møte tonegjevande personar og motta impulsar frå mange hald.

Grete Prytz Kittelsen er særleg vidgjeten for emaljearbeida sine (smykke og gjenstandar av metall, dekorert med lag av emalje, som er eit hardt, tynt, glassliknande stoff). Ho har kome fram til nye måtar å handsame overflata på sølvet på, til dømes eit sølvfat, før det var emaljert, slik at verknaden av lyset, fargane og skuggeeffektane i emaljen og mønstra i graveringa vart rikare og meir intense. Mellom anna prøvde ho seg fram med preging, siselering, sandblåsing og gravering, og kom på byrjinga av 1950-talet fram til ein særleg måte å nytte ein liten handfres på, anten i frie, store rørsler, eller i presise mønstre i liten storleik. I dei op-artliknande mønstra sine føregreip ho element som ofte vart å sjå i biletkunsten på 1960-talet. Ho har òg nytta seg av ein metode ho gav nemninga skrapeteknikk, og som gjekk ut på å dekkje eit sølvfat med emaljepulver som ho skrapa teikninga inn i og dekte med eit nytt lag klår emalje.

Utmerkingar og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Grete Prytz Kittelsen er representert mellom anna i kunstindustrimusea i Noreg, Nasjonalmuséet i Stockholm og H.M. Dronning Margrethe IIs samling i København, og ho mottok fleire prisar og utmerkingar. Ho vart riddar av 1. kl. Den Kongelige Norske St. Olavs orden i 1986, og fekk Prins Eugen-medaljen i 2008, ein medalje som Sveriges konge gjev for framifrå kunstnarleg virke.

I 2018 blei fleire bygningar og auditorium ved OsloMet gitt nye navn. OsloMet har ein tradisjon med å gi bygningane navn etter historiske personar, og da primært kvinner som har betydd mykje for fagområde ved universitetet. Eit av auditoria ved studiestaden Kjeller blei gitt namnet Grete Prytz Kittelsens auditorium, og ligg i Karethe Johnsens hus.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kaller opp bygg etter kvinnelige pionerer» (på norsk bokmål). Henta 12.09.2019. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Karianne Bjellås Gilje (redaktør): Grete Prytz Kittelsen : Emalje og design, med bidrag av Thomas Flor, Widar Halén, Jan-Lauritz Opstad og Astrid Skjerven. Gyldendal, Oslo 2008 (Utgjeve i samband med ei utstilling arrangert i 2008 av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design). ISBN 978-82-05-37653-3
  • Jan-Lauritz Opstad: Grete Prytz Kittelsen : Emaljekunst og design. Kunstindustrimuseet, Oslo 1978. ISBN 82-7143-010-6