Gretna i Skottland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gretna

skotsk-gælisk Greatna
Hovudgata
Hovudgata
Plassering
Gretna i Skottland is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Dumfries and Galloway
Tradisjonelt grevskap Dumfries
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

2 705
Koordinatar 54°60′″N 3°4′″WKoordinatar: 54°60′″N 3°4′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer DG16
Telefon-retningsnummer 0 1461
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gretna i Skottland

Gretna er ein by i regionen Dumfries and Galloway i det sørlege Skottland. Han har kring 2500 innbyggjarar og ligg ved munningen av elva Esk, ved hovudvegen A74. Staden er ein av dei få i Storbritannia som har status som township, som er distinkt frå både town og village, og ligg ein stad mellom dei to vanlege nemningane. Landsbyen Gretna Green ligg rett ved Gretna.

Staden er kjent for HM Factory i Gretna, ein ammunisjonsfabrikk som vart bygd under første verdskrigen. Han strekte seg heilt frå Eastriggs til Longtown i England, ei strekning på over fjorten kilometer, og er dermed den største ammunisjonsfabrikken som nokonsinne er bygd. Meir enn 30 000 arbeidarar, dei fleste av dei kvinner, var tilsett i produksjonen av korditt. Gretna og Eastriggs vart oppretta for å gje husrom til arbeidarane, og var opphavleg kjent under det felles kodenamnet «Moorside». Staden var ein av dei første der Defence of the Realm Act vart innført i 1916, mest for å kontrollere arbeidarane og sjauarane som bygde fabrikken. Det vart blant anna innført strenge restriksjonar på sal av alkoholhaldige drikk.

Ei viktig inntektskjelde for Gretna er «ekteskapsindustrien» i Gretna Green, sidan mange av dei som giftar seg der bur på hotell i Gretna, og dessutan at mange av ekteskapa blir inngått i Gretna og ikkje i den vesle landsbyen; den spesielle dispensasjonen som blir nytta ved ekteskapsvigslar der gjeld begge stader.

Fotballklubben Gretna FC, som gjekk konkurs i 2008, var frå Gretna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]