Grevskapet Montbéliard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grafschaft Mömpelgard (ty)
Comté de Montbéliard (fr)
Grevskapet Montbéliard
Vasall
Blason Bourgogne-comté ancien(aigle).svg
1042–1793 Flag of France.svg

Våpenet  til Montbéliard

Våpen

Hovudstad Montbéliard
Styreform Fyrstedøme
Historie
 - Oppretta av
   keisar Konrad II
1042
 - Overteke av
   Württemberg
1444
 - Okkupert av Frankrike 1793
 - Avstått til
   Württemberg
1796

Grevskapet Montbéliard (fransk Comté de Montbéliard), òg kjend som grevskapet Mömpelgard (tysk Grafschaft Mömpelgard), var eit grevskap i Det tysk-romerske riket kring byen Montbéliard i dagens Franche-Comté i Frankrike. Frå 1444 og utover var det eigd av Huset Württemberg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grevskapet vart oppretta i 1042 av keisar Konrad II i området til grevskapet Bourgogne, som var ein del av kongedømet Arles, ein del av Riket sidan 1033. Det vart leia av ei linje av grevar av Montbéliard frå vasallen til Konrad, Ludvig av Mousson i Øvre Lorraine, ektemannen til grevinne Sofie av Bar, og etterkomarane deira frå Scarpone-familien. I 1163 vart herre Amadeus II av Montfaucon greve av Montbéliard ved å gifte seg med Sofie, dotter til grev Theodoric II (Thierry II), som ikkje hadde mannlege arvingar.

I 1407 gifta grevinne Henriette, arvingen til grev Stefan av Montfaucon seg med Eberhard IV av Württemberg og grevskapet vart ein del av den schwabiske adelen i Tyskland. I tillegg til grevskapet Montbéliard, førte grevinne Henriette med seg medgift i form av lena Granges (Bourg), Clerval, Passavant, Etobon, Porrentruy med Saint-Hippolyte, og landområda Franquemont (Goumois). Somme av desse var i grevskapet Bourgogne.

Eberhard IV døydde i 1419 og då Henriette døydde i 1444 gjekk Montbéliard til sonen deira grev Ludvig I av Württemberg-Urach. Sonen hans, Eberhard V annekterte Montbéliard som ein del av grevskapet Württemberg, sjølv om det beheldt statusen som eit eige område og eige grevskap. I 1495 vart greven av Montbeliard Eberhard V av Württemberg opphøgd til hertug og grevskapet vart «fyrstedømet Montbéliard». Under hertug Ulrik, som var i eksil, vart fyrstedømet protestantisk i 1524.

Montbéliard vart så styrt av yngre greiner av Huset Württemberg i fleire hundreår. Grev Fredrik I av Montbéliard arva igjen hertugdømet Württemberg i 1593, men i 1617 vart grevskapet igjen skild ut for den yngre sonen Ludvig Fredrik og igjen styrt av etterkomarane hans til det fall attende til Württemberg i 1723. Med annekteringa i 1748 av «dei fire landområda» (HéricourtChâtelotClémont - Blamont) av kong Ludvig XIV av Frankrike, vart fyrstedømet redusert til eit «enkelt grevskap» fram til den franske revolusjonen i november 1793.

Innlemming i Frankrike[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1793 var grevskapet Montbéliard okkupert av Den første franske republikken. Etter dei franske styrkane under Jean Victor Marie Moreau hadde drive felttog mot Württemberg under den første koalisjonskrigen i 1796, sa hertug Fredrik II Eugene omsider frå seg alle rettane til Montbéliard. I 1797 vart kantonane overført til departmentet Mont-Terrible. Departementet vart nedlagd i 1800 og annektert i departementet Haut-Rhint. I 1814 mista Haut-Rhin områda som hadde vore ein del av Mont-Terrible og dei vart gjevne attende til Sveits, utanom Montbéliard, som var overført til departementet Doubs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 47°30′37″N 6°47′56″E