Gribbar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gribbar


Øyregribb Torgos tracheliotus
Øyregribb
Torgos tracheliotus

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Falconiformes
Familie: Accipitridae
Slekter
  • Gypohierax
    • Necrosyrtes
    • Gypaetus
    • Neophron
    • Gyps
    • Aegypius
    • Torgos
    • Trigonoceps
    • Sarcogyps
  • Gribbar er ein del av haukefamilien Accipitridae, som òg inkluderer ørner, våkar, glentar og haukar. Dei lever av åtsel med utbreiingsområde i Afrika, Asia og Sør-Europa.

    Termen gribbar har tradisjonelt vore nytta om to ulike grupper, ekte gribbar i «den gamle verda» og den nye verdas gribbar i Amerika, sist nemnte no oftast kalla kondorar. Likskapen mellom desse to gruppene skyldast konvergerande evolusjon snarare enn eit nært slektskap. Begge gruppene er åtseletarar, men ekte gribbar finn åtsel utelukkande med hjelp av synet i motsetnad til kondorar som nyttar ein god luktesans i tillegg til synet.

    Eit særskilt kjenneteikn ved mange gribbar er eit skalla hovud fritt for fjør. Hovudet blir sølt til av blod og andre væsker når gribbane et kjøtt av kadaver. Fjører på hovudet ville vore vanskelege å halde reine.

    Artsliste gribbar[endre | endre wikiteksten]

    Gribbar i rekkjefølgje etter Clementslista frå desember 2008 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]