Grif Skerry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Grif Skerry er ei lita øy aust for Whalsay i Shetlandsøyane. Namnet kan kome frå norrønt eller norn for «djuphavsskjeret».[1]

Øya er ikkje busett, sjølv om det er nokre bygningar her. Desse er stort sett fiskarhytter og restar etter ein fiskestasjon, der fiskarar kunne søke ly under uvêr.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Det er nokre grotter på øya. Swarta (som tyder «svart») og Longa Skerries ligg utanfor øya. Dei næraste større øyane er East Linga og Whalsay.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish. (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate. s. 455.

Koordinatar: 60°20′N 0°51′W