Grigorij Mjasojedov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ilja Repin: Grigorij Mjasojedov, 1886

Grigorij Grigorjevitsj Mjasojedov (russisk: Григорий Григорьевич Мясоедов), (19. april 183430. desember 1911) var ein russisk kunstmålar og gravør, og ein av dei leiande representantane i Peredvizjnikij-gruppa.

Mjasojedov var fødd i Pankovo, eit nybyggarområde i anten Orjol eller Tula-guvernementet. Faren, ein godseigar av landadelsætt, var forfattar av Statistisk-økonomisk oversyn for den sørlege delen av Tula Guvernementet, utgitt i 1849.

Mjasojedov studerte kunst ved St. Petersburgs kunstakademi i 1853-63. Han var på visittar til Frankrike, Tyskland, Spania og Italia, men var til vanleg busett i St. Petersburg. Sine siste dagar budde Mjasojedov på herregarden sin Pavlenki i Poltava.

Landdagsbøndene et middagsmat, 1872

Mellom dei fremste verka hans er Landdagsbøndene et middagsmat, Grigorij Otrjepjevs flukt frå serveringstad (=korchma) på grensa mot Litauen og Slåttefolk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Grigori Mjassojedow