Grigorij Zinovjev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grigorij Zinovjev i 1921

Grigorij Jevsejevitsj Zinovjev[1] (23. september 188325. august 1936) var ein sovjetisk revolusjonsleiar og leiar av Komintern frå stiftinga i 1919 til 1926.

Zinovjev slutta seg til det russiske arbeidarpartiet i 1901, og etter splittinga mellom bolsjevikane og mensjevikane følgde han bolsjevikane. I 1905 vart han redaktør for avisa Proletary, og i 1908 vart han arrestert for sine politiske synspunkt, men sleppt fri på grunn av dårleg helse. Han slutta seg så til Lenin i Sveits, og vart ein av hans næraste medarbeidarar. I motsetnad til Lenin gjekk derimot Zinovjev inn for nærare samarbeid med mensjevikane, noko som førte til at etter han reiste tilbake til Russland saman med Lenin, gjekk mot apriltesane hans.

Saman med Lev Kamenev gjekk han mot oktoberrevolusjonen, og han trekte seg frå sentralkomiteen då denne ikkje ville gå inn for forhandlingar med mensjevikane og dei sosialrevolusjonære. Han gjekk likevel seinare tilbake på dette og vart valt til observatør i politbyrået i 1919, same år som han vart valt til formann for det nystifta Komintern. Under borgarkrigen hadde han òg ansvaret for forsvaret av Petrograd. I 1921 vart han valt til fast medlem av politbyrået, og på partikongressane i 1923 og 1924 heldt han opningstalen. Som formann for Komintern vart han òg tillagt ein del av ansvaret for nederlaget til dei tyske revolusjonære i 1923.

Under sjukdomsperioden til Lenin og etter Lenin døydde, allierte Zinovjev seg med Kamenev og Stalin, seinare òg Nikolaj Bukharin, i kampen mot venstrefløya, leia av Trotskij. Han foreslo til og med å ekskludere Trotskij, utan å få støtte for dette frå Stalin. Særleg var spørsmålet om industriell reisning og forholdet til bøndene viktig. Då Trotskij var utmanøvrert hamna han saman med Kamenev i opposisjon til Stalin. Han inntok òg delar av politikken til venstrefløya og danna i 1926 Den Forente Opposisjonen. Same år vart han også avsett som formann for Komintern. Året etter vart han ekskludert frå partiet, men etter omfattande sjølvkritikk vart han teke til nåde att i 1928, eit tidspunkt då standpunkta til den gamle venstreopposisjonen var i ferd med å bli overteke av Stalin og fleirtalet.

Han fekk aldri seinare noko viktig posisjon i stat eller parti, og i 1932 vart han ekskludert for andre gong. Etter å ha blitt tatt til nåde året etter vart han i 1934 ekskludert for tredje gong og i tillegg arrestert for medverknad til mordet på Sergej Kirov. Saman med mellom andre Kamenev vart han dømd og avretta for landsforræderi og konspirasjon i den første Moskvaprosessen. Han vart rehabilitert i 1988.

I likskap med sin nære venn og medarbeidar Kamenev var Zinovjev først og fremst ein praktikar. Sjølv om Marxist Internet Archives har lagt ut fleire artiklar av han, er desse først og fremst knytt opp til aktuelle hendingar. Det er få, om nokre, av hans arbeid som vert rekna for å ha meir enn historisk verdi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Grigorij Zinovjev

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. kyrillisk Григо́рий Евсе́евич Зино́вьев